Utsett nominasjonsfrist for val av studentrepresentantar til HVO-styret

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Studentane sin representasjon i høgskulestyret er avgjerande for studentdemokratiet, forklarar STiV-leiar Ole M. Breivik, og oppfordrar no studentar til å nominere fleire kandidatar.

- Vi studentar har alle moglegheiter til å påverke høgskulen sine strategiske val og utvikling, og dette bør vere interessant for fleire enn dei som er nominerte no.

Manntalslister i resepsjonane

Ein finn manntalslister for studentar i resepsjonane på Henrik Kaarstad-huset og i Berte Kanutte-huset. Dersom nokon meiner å ha røysterett, men ikkje finn seg i manntalet, må dei sende skriftleg klage til valstyret ved Ralph Meier innan 30.09.

Du finn nomminasjonssetlar mellom anna ved dørene i Berte Kanutte-huset.

Valkampen vert frå 30. sept. til 3. okt. Der vil finne stad ei førehandsrøysting frå 6. til 13. okt. kl. 15.00 før den endelege valdagen 14. okt. frå kl. 09.00 til kl. 15.00.

Hugs ny nominasjonsfrist 25. sept.

Del på