Spel, design og forsking

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2007faa669b20805d22cf6fdcceb5f9ab6e9cea8

Konferansen Games; design and research held til i litle auditorium i Berte Kanutte-huset, torsdag 3 og fredag 4 juni.

Blant dei som kjem til konferansen er Ole Herbjørnsen, speldesignar i det kjende norske selskapet Funcom, og Aki Järvinen, spelforskar og designar frå finske Digital Chocolate, både inviterte føredragsholdarar.

Vidare vert det bidrag frå Italia, Frankrike, Norge og Sverige, og nokre føredragshaldarar vert digitalt til stades frå USA og Sverige.

Tema for konferansen er samanhengen mellom speldesign og forsking, både korleis forsking kan nyttast inn mot speldesign, og korleis speldesign er eit nyttig reiskap for å forske på og forstå kva spel er og kan vere.

Les meir på www.hivolda.no/games

Del på