Aktiv fritid i Volda

Dersom du trivst i naturen, har du uendeleg mykje å glede deg til som student i Volda! Område byr på utallige naturopplevingar og du har også mange innandørs tilbod å velje mellom.

Sunnmørsalpane

Høgskulen i Volda er omkransa av dei verdskjende Sunnmørsalpane, eit populært reisemål både sommar og vinter. Innan ein times radius ligg seks skisenter, inkludert Strandafjellet som er kåra til eit av Noregs beste skisenter. 
 

Klatring

I nabokommunen Ørsta ligg ein ny klatrehall. Her finn ein klatring som passar dei fleste, anten ein vil buldre, klatre på topptau, ledklatring eller trene på hangboard. Hallen er ein flott møtestad der ein kan bli kjent med nye menneske på tvers av linjer, eller med dei lokale. Ein spasertur frå Volda sentrum finn du også Toskefloget som byr på mykje bra klatring. I Ørsta finn ein også majestetiske Molladalen som er eit eldorado for klatreinteresserte. 
 

Skating og surfing

Nokre få hundre meter frå høgskulen ligg Skateparken i Volda. Den er  på 900 m2 med bowl, quarter, trapper, handrails og diverse funboxer. Vel 45 minutt frå Volda ligg Flø. Dette paradiset byr på bratte bølger godt egna til surfing. Det er også eit bra buldreområde for deg som liker å klatre. 
 

Stisykling

I Volda er det fleire gode stiar for sykling. Og ein halvtime frå Volda ligg Ulsteinvik som nyleg har fått tillaga ein heilt ny sykkelsti.
 

 

Treng du inspirasjon til kva ein kan finne på? Sjekk ut artiklane under.