10 gode tips for ein knallstart i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Karina Blyverket var ferdig med sitt første år ved Høgskulen i vår og deler her sine blemmer som andre ikkje bør gjere. Du får også hennar beste råd for den første tida som student Volda.

Karina flytta i august 2018 til Volda frå Oslo for å starte på barnevernsstudiet og gjorde seg nokre viktige erfaringar frå dei første vekene i studiebygda. Her kan du les kva ho har på hjartet for dei nye Volda-studentane:

1) Finn bustad
Prøv å få finn ein bustad ei stund før studiestart. Eg vart glad for å kome inn i Volda, men er ein person som tek ting litt som det kjem og tenkte ikkje på å finne ein plass å bu med ein gang. Det enda med at eg fekk tilslag på ein hybel berre timar før eg sette meg i bilen for å køyre opp til Volda.  Erfaringa mi er at det er greitt å bu både privat og i Studentsamskipnaden i Volda sine bustader. For den private marknaden er Facebook-sida «Til leige i Volda og Ørsta» veldig grei.

2) Ta med deg saker
Sjekk om hybelen din er møblert eller ikkje. Ta med så mykje som mogleg heimanfrå av saker du har frå før, då slepp du å bruke av studielånet ditt på kjedelege ting. Eg har køyrt mange unødvendige mil ned til Oslo og opp igjen for å få med meg meir av det eg har behov for. Fleire turar i løpet av eit år er litt ille.

3) Kom tidleg nok
Kom til Volda helga før studiestart. Gjerne fredag, sånn at du får hele helga i Volda. For meg var det også hyggeleg å ha med familie oppover på turen.

4) Ta kontakt
Ikkje ver redd for å ta kontakt med ein gang med dei du bur saman med eller i same område som – dei kan bli vennar for livet. 

5) Ikkje gå glipp av studielån
Registrer deg og meld deg opp til emne i Studentweb så tidleg som mogleg, og betal semesteravgifta. Alt dette kan du gjere frå 1. august. Eg var ikkje akkurat først ut med å gjere dette, og då tek det også lengre tid før studielånet kjem inn på konto. Ikkje gjer som meg!

6) Vinteren kommer faktisk
Ta med klede til alle årstider. Ein gløymer fort det når ein pakkar på sommarstid. Regnklede var ikkje med i flyttelasset mitt, og då måtte eg kjøpe det når eg kom opp hit.

7) Fadderveka eit «must»
Bli med på Fadderveka! Det var der eg vart kjend med mine noverande bestevennar. Fadderveka er opninga til det sosiale livet i Volda. Det er også lettare å snakke saman på skulen når ein har hatt det gøy saman på fritida.

8) Sosialt først
Prøv å få deg eit sosialt nettverk først og ikkje stress med lesinga. Har ein det bra sosialt, går det også betre på skulen.

9) Bruk naturen og Natura
Eg anbefaler alle å melde seg inn i Natura – ein friluftslivorganisasjon for studentar i Volda. Eg gjorde det og blei med på ein surfetur der eg ikkje kjende nokon før eg drog. Men eg vart veldig godt kjend med fleire frå andre studium og møtte min aller beste venn i klassen.

10) Bli frivillig
Engasjer deg i noko på fritida frå starten av. Då er det lett å få eit nettverk av folk også utanom dei ein er i klasserommet saman med kvar dag. Ikkje lås deg inne på rommet ditt, men finn noko du interesserer deg for. Det er mykje å velje i. Eg begynte å jobbe frivillig i baren på Studenthuset Rokken og angrar absolutt ikkje på det.

Del på