Her er kandidatane du kan stemme på til Høgskulestyret

Femten kandidatar stiller til val som studentrepresentant til Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda (HVO). Bli betre kjend med dei og stem her! Du kan vinne gåvekort på 1000 kroner ved å stemme.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Frå 3. til 10. oktober kl. 14.00 skal det veljast to studentrepresentantar og to vararepresentantar til Høgskulestyret.

Klikkar du på lenka i boksen under her får du vite kva kandidatane studerer, kva interesser dei har, kva dei vil jobbe for om dei blir vald inn i Høgskulestyret og kvifor ein skal stemme på dei.

Kan påverke viktige saker

Studentrepresentantane i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju ordinære møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen. 

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Del på: