Bak kamera i stor NRK-produksjon

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog , Foto: Foto: Matias Myklebust

- Oppdatert

Gjennom ti veker har ti studentar frå Høgskulen i Volda vore med på å produsere NRK si nye dramasatsing – serien Heimebane.

Serien med premiere i mars 2018 vil gå i beste sendetid på NRK på søndagar, og handlar om Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) som blir den første kvinnelege fotballtrenaren på toppnivå for menn. I ei av dei andre hovudrollane finn vi tidlegare fotballproff og no skodespelar John Carew. Handlinga er lagt til sunnmørsbyen Ulsteinvik, ein halv times kjøretur frå Volda. NRK og produksjonsselskapet Motlys hadde behov for hjelp til produksjonen, tok kontakt med Høgskulen i Volda og fekk med seg ti studentar frå Medieproduksjon. 
 

Ganske heftig

Lise Musum Stangvik og Thomas Westnes har vore av dei ivrigaste studentane og arbeidd seks dagar i veka i ti veker, fordelt på vår, sommar og haust.

– Det var lange vakter, mot slutten vart det ti-elleve timar kvar dag og ein times pendling i tillegg. Det var ganske heftig, men det er på den måten ein får kjenne på korleis det er i bransjen.

– Blei de skremte av arbeidsmengda?

– Ikkje skremt, det gav meg heller meir lyst til å arbeide med filming og slike produksjonar. I tillegg har eg vennar som er i bransjen som eg har fått vite ein del gjennom, svarar Westnes.

– Det krev mykje, men gir meg også mykje tilbake. Vi var på avslutningsfest for serien i oktober der vi fekk sjå litt av dei første episodane, det gjorde meg stolt når eg veit kor mykje hardt arbeid som ligg bak. Eg er gira på å jobbe på ein ny produksjon lik denne, seier Stangvik.

Foto: Matias Myklebust

Skryt frå erfarne fotografar

Begge fekk prøve seg som kameraassistentar, der dei skulle sjå til at alt var rett med kameraet og avlaste personen som hadde ansvaret for kameraet.

– Vi har fått svært positive tilbakemeldingar frå dei som har arbeidd tettast med studentane. Dei held høgt fagleg nivå og har vore flinke, er det som går igjen når eg snakkar med kollegaene mine, fortel produsent i Motlys, Vilje Kathrine Hagen, og legg til:

– Dei har fått skryt frå veldig erfarne fotografar som vi har hatt med på settet – det seier en god del, meiner Hagen.

Dag Svein Roland, programansvarleg for bachelorgraden Media, IKT og design – medieproduksjon, set stor pris på at studentane får slik erfaring.

– Denne type praksis gir studentane noko vi ikkje kan gi dei på skulen. Å få vere med på og lære av ein så stor produksjon er utrolig nyttig for dei, meiner Roland som sjølv har arbeidd med film og manusutvikling i USA.

 

Foto: Matias Myklebust

Vart overraska

Erfaringa er også studentane svært glad for å ha med seg når dei om ikkje lenge skal ut i arbeidslivet.

– Eg lærte veldig mykje tekniske ting med kamera. Når ein er rundt kameraet heile tida får ein også med seg alt av kva dei som jobbar på settet tenker og diskuterer. Det var mykje gode tips å plukke opp, seier Stangvik.

Ho hadde ikkje sett for seg å skulle arbeide med TV-seriar, men fekk verkeleg smaken på det etter erfaringane frå Heimebane.

– Eg trudde det var dokumentarfilm eg ville arbeide med når eg skal ut i arbeidslivet, men eg blei positivt overraska. Det var kult å sjå dynamikken mellom regissørar, produsentar og skodespelarane, seier Stangvik.

– Ja, og sjølv om dei heitte Ane Dahl Torp eller John Carew var dei hyggelege og enkle å samarbeide med. Det ryktet om at kjende skodespelarar er høge på seg sjølve, gjaldt i alle fall ikkje her, skyt Westnes inn.
 

Auka nettverk

Våren 2018 – det siste semesteret for desse studentane på Medieproduksjon – har dei ekstern praksis. 

– Eg nemnte det med praksis ganske mange gongar til dei på settet under Heimebane, så får vi sjå kva det endar opp med. Nettverket mitt har uansett blitt mykje større og det er ein klar fordel når ein skal få seg jobb i denne bransjen, seier Westnes som har eit ønske om å vie sitt yrkesaktive liv til filmfotografering.
Noko av dei same tankane sit medstudent Stangvik med. Gjennom produksjonsjobben med NRK har ho i alle fall erfart at det er med ansvar for kamera ho verkeleg er på heimebane.

 

Del på