Får full kompetanse på ull
Kunst og handverk-studentane får rettleiing på øvste hylle internasjonalt når filtmakar Natalya Brashovetska gir dei eit innblikk i sitt fag. – Ekstra inspirerande, synest student Hanna Volle.
Kunst og handverk-studentane får rettleiing på øvste hylle internasjonalt når filtmakar Natalya Brashovetska gir dei eit innblikk i sitt fag. – Ekstra inspirerande, synest student Hanna Volle.
Brashovetska flyg nærmast mellom pultane i tekstilverkstaden på høgskulen for å få lært bort så mykje som mogleg. I to dagar skal ukrainaren, som no er busett på Kypros, hjelpe studentane med å forme ei veske i ull. Ingen enkel kunst, men det er ikkje vanskeleg å sjå at gjestelæraren veit kva ho driv med.
Viktig inspirasjon
Høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Sissel Midtlid, deltok på eit kurs i filtmaking med Brashovetska på Kypros i fjor. Der begynte ballen å rulle og no er kunstnaren for første gang i Norge og Volda.
– Vi er glad for å få ho hit. Ho held kurs over heile verda og er internasjonalt kjend innan sitt fag. Det er ikkje så mange av våre studentar som dreg på utveksling, og difor er det ekstra viktig at vi får internasjonalt velrenommerte fagpersonar hit til Volda. Men det er viktig for meg også, eg lærer mykje av ho, fortel Midtlid.
Finansieringa av gjesteopphaldet skjer gjennom Erasmus.
– Dette er eit godt døme på vellukka internasjonal mobilitet, meiner Midtlid.
Løftar studiet
Blant haugar med ull som ligg utover, arbeider Hanna Volle med over ein vask med eit stykke filt som er i ferd med å bli til ei veske. Ho set stor pris på det internasjonale innslaget i undervisninga.
– Dette er ein heilt ny teknikk for meg og på den måten utfordrande, men også veldig kjekt og spennande. Natalya er flink til å vise oss døme og gjer alt for å hjelpe oss, seier Volle, før ho held fram:
– Det er så gøy å få nokon utanfrå. Ho arbeider med dette på fulltid og gjer ting på ein anna måte enn det vi er vand med – det er ekstra inspirerande. Vi har også hatt ein dansk kunstnar som gjestelærar for ikkje så lenge sidan – det er med på å løfte studiet.
Tok det raskt
Det vart lagt opp til to hektiske og arbeidskrevjande dagar for studentane.
– Det ser ut til at dei likar det og veskene ser ut til å verte fine, seier lektor Midtlid.
Brashovetska fortel at ho følte det som å komme til eit paradis då Sunnmøre og Volda openberra seg for ho. Nesten like imponert vart ho av studentane.
– Eg er veldig nøgd med dei. Dei forstår raskt kva dei skal gjere og får det til. Det har vore artig å arbeide saman med dei, synest kunstnaren.