Fekk draumejobb på Nationaltheatret

Tekst: , Foto: Per Straume

- Oppdatert

Musikk og teater og drama-studiar i Volda ga Kato Adolfsen en fagleg kombinasjon han nyt godt av når han til dagleg arbeider ved Norges mest anerkjende teater.

På scena leverast noko av det fremste ein kan sjå av teateroppstillingar i Norge, og ein av dei som er med på å sørge for det er Kato Adolfsen. Det er ikkje sikkert du ser han om du besøker Nationaltheatret – i alle fall ikkje på scena. For den tidlegare Volda-studenten sit over publikum i den ærverdige salen og styrer lyset frå eit rom fullt av teknisk utstyr. Lysbordoperatør er Adolfsens tittel.

– Det er ein veldig artig jobb. Eg arbeider saman med mykje flinke folk, både skodespelarar, teknikarar og leiinga. Vi er over 250 tilsette og berre i lysavdelinga er vi over 10 tilsette, fortel Adolfsen.

Fekk draumejobb på Nationaltheatret

Kunnskap frå både skule og fritid 

Musikk har alltid stått hjartet hans nært, og etter eit år med rockemusikk på folkehøgskule søkte han seg til bachelorutdanninga i musikk ved Høgskulen i Volda. – Det viste seg å vere eit svært godt val, ikkje minst på grunn av studentmiljøet i Volda. Det var utruleg godt.

Etter tre år med musikk kasta trønderen seg på teater og drama-fag som han studerte i eitt og eit halvt år. Den koplinga av fag skulle vise seg å vere ein genistrek for Adolfsen.

– Fagleg sett lærte eg mykje i Volda. Det er nok kombinasjonen av å ha teke både musikk og teater og drama som har gitt meg mest. Eg forsto meir av musikkfaget etter å ha gått teater og drama, dei to kunstartane glir inn i kvarandre. Eg ser eigenarten til begge, men også korleis ein kan kople dei i hop.

Den kunnskapen fekk han også bruk for i ein del av sitt frivillige arbeid i Volda. Allereie første uka han var student tok han til å arbeide som teknikar på Studenthuset Rokken. Etter to år vart han teknisk ansvarleg på studenthuset, eit verv han hadde i tre år. I tillegg var Adolfsen aktiv i Studenttinget og fekk også utfolde seg både på scena som skodespelar og bak scena som teknikkar i studentrevy.

– Det var eit viktig supplement til utdanninga, og eg synest det var greitt å få den reint praktiske erfaringa utanfor skulen. Nøkkelen til at det fungerte godt for meg var at eg kunne knyte det arbeidet eg gjorde frivillig opp mot det eg lærte på skulen.

Høgt oppe på stigen  

Med fullført utdanning i studiebygda fekk han seg eit vikariat som teknikar på Oslo Nye Teater. Deretter vende han snuten tilbake til Sunnmøre, og no Ålesund og Parken kulturhus. Der tok han til som teknisk leiar for lys. Da med ansvar for lysproduksjon til alle framsyningar. Det vart to og eit halvt år med mykje ansvar som Adolfsen set pris på i ettertid. Men han ønskja seg vidare, og dei nye utfordringane han søkte fekk han på Nationaltheatret. Enn så lenge arbeider han i eit årsvikariat, som han håper å få forlenga.

Fekk draumejobb på Nationaltheatret

– Eg hadde aldri vore inne på Nationaltheatret tidlegare, og då ek kom inn til intervju verka det som ein uoppnåeleg plass å få jobb. Men det gjekk bra og det er eg svært glad for. Det er ein draumejobb som eg har lyst til å halde fram i. På dagvaktene programmerer eg lysoppsettingane for framsyningane på scena og er med på prøvene, medan kveldsvaktene går med til å styre lyset. Dette er en arbeidsplass som er høgt oppe på stigen for meg, fortel Adolfsen som brenn for yrket sitt.

For lysa vert ikkje slått av han når han er ferdig med arbeidsdagen i det ærverdige bygget midt i Oslo sentrum. Då bruker han gjerne fritida til å arbeide med lysdesign og tek på seg frilansoppdrag. – Ja, så artig synest eg dette er, smiler Adolfsen.

Del på