Moderne eventyrprinsesser

Tekst:

- Oppdatert

Ved midnatt trer verkelegheita inn igjen. Det er på tide å møte kvardagen. Fantasien i eventyra varer ikkje evig.

– I eventyret om Askepott er det midnatt når verkelegheita trer til igjen. Klokka symboliserer vendepunktet i eventyret, seier Hege Koch Warhuus.

Inspirert av motefotograf 

Saman med Hilde Fredriksen og Linn Andrea Valde har ho i vår jobba med konseptet om «Moderne eventyrprinsesser» frå idé til ferdig fotoserie i emnet «Photo – Art and Illustration».
– Vårt konsept er eventyrinspirerte bilde med ein moderne twist. Born veks opp med ein fantasi om «så levde dei lykkeleg alle sine dagar». Vi ville formidle at ein må leve i verkelegheita og vakne opp frå eventyrfantasien. Serien handlar om å forme og ta ansvar for eiga framtid.

Så snart konseptet var klart, jobba dei vidare med å gje bilda ei djupare meining.
– Vi bestemte oss for å lage ein serie på tre bilde, og valde tre Disney-figurar vi ville ta utgangspunkt i, Alice i Eventyrland, Askepott og Snøkvit. Vi valde ut sentrale kjenneteikn frå eventyra for at publikum skulle forstå kva bilda var inspirerte av. Vi brukte «drikk meg»-flaska frå Alice i Eventyrland, skoen til Askepott, og eplet til Snøkvit. Ideen om klokka og repetisjonen av sko og eple i dei forskjellige bilda kom til etter kvart. Vi fekk inspirasjon frå fotografen Annie Leibovitz som har fleire motefotografi inspirert av eventyr, fortel dei.

Trass eit gjennomtenkt konsept er bilda utan tittel.
– Vi prøvde mange titlar, men fann ingen som sa akkurat det vi var ute etter. Anten avslørte dei for mykje eller for lite, og vi ville ikkje styre publikum i for stor grad, seier Hege.

Moderne eventyrprinsesser

Har lært mykje om etterbehandling 

Gruppa leita lenge etter ein location som passa til konseptet, og fann til slutt ein plass i den trolske skogen ved Rotevatnet, rett under det karakteristiske Rotsethornet.
– Det var viktig at bilda hadde ein eventyrleg glød. Vi ville ha sterke og reine fargar i bilda, og brukte mykje tid på dette i etterbehandlinga, sjølv om vi var heldige med det naturlege lyset. Bilda har eit sterkt lys som kjem ovanfrå for å få fram eventyrstemninga, fortel dei.

Studentane har lært mykje om konseptutvikling, fotografering og digital etterbehandling av bilde.
– Prosessen har vore kreativ og spennande. Eg har lært mykje om korleis ein kan gå frå idé til ferdig produkt, seier Linn.

Gruppa har heile tida hatt eit tett samarbeid.
– Det har vore ei kjekk og lærerik erfaring. Vi har tatt val saman heilt frå start til slutt. Alle var med på å lage skissene, ta bilda, og vi brukte fleire timar saman framfor skjermen på etterbehandling. Datamaskinene på skulen er utstyrte med Adobe-program som gir mange mogelegheiter for redigering av bilda, seier Hilde.

Lærarar med forskjellige spesialiseringar

Dei nytta både eige og høgskulen sitt utstyr i samband med oppgåva.
– Vi har hatt tilgang til høgskulen sitt fotoutstyr heile semesteret, og vi hadde med to kamera på photoshooten. Vi ønskte også å låne portabelt lysutstyr, men dette kom dessverre ikkje på plass på høgskulen før vi var ferdige med dette prosjektet. Vi fekk derimot kurs i det nye lysutstyret i fotostudioet til høgskulen i ettertid. Utstyret gir oss høve til å eksperimentere med forskjellige lyssettingar for å oppnå ønskte effektar i bilda, seier dei.

I Photo – Art and Illustration har studentane blitt undervist av lærarar frå både mediefag og kunst og handverk.
– Høgskulen har lærarar med god fagleg kunnskap og forskjellige spesialiseringar innan fotofaget. At dette emnet har blitt undervist av lærarar frå forskjellige fagmiljø, har gitt oss ulike innspel til korleis vi kan gå fram for å løyse oppgåver. Lærarane gjorde seg også lett tilgjengelege dersom vi trong hjelp, råd eller rettleiing på oppgåvene, seier dei.

Ein fordel i medieyrke

Gruppa valde fotoemnet både på grunn av interesse og for høve til fagleg påfyll.
– Foto er eit spennande fag og Volda har eit flott landskap med fjord og fjell, og mange spennande fotomotiv, seier Hilde.
– Gode fotokunnskapar er ein fordel innanfor fleire medieyrke. Sjølv håpar eg å komme inn i reklamebransjen og då er det nyttig å kjenne til fototeknikkar og teoriane bak eit godt bilde, seier Hege.

Moderne eventyrprinsesser

Del på