Vart forma i Volda

Det var under studietida i Volda at Marius Sunde for alvor fekk auga opp for grafisk design. I dag arbeider 26-åringen for det verdskjende arkitekt- og designkontoret Snøhetta. Det var under studietida i Volda at Marius Sunde for alvor fekk auga opp for grafisk design.

Vart forma i Volda

Tekst: , Foto: Snøhetta

- Oppdatert

Del på:

Det var under studietida i Volda at Marius Sunde for alvor fekk auga opp for grafisk design. I dag arbeider 26-åringen for det verdskjende arkitekt- og designkontoret Snøhetta. Det var under studietida i Volda at Marius Sunde for alvor fekk auga opp for grafisk design.

I dag arbeider 26-åringen for det verdskjende arkitekt- og designkontoret Snøhetta. Som så mange andre var Sunde i tvil om kva veg han ville gå etter vidaregåande. Kommunikasjon og media var eit fagfelt som hadde fanga interessa hans, og då var ikkje vegen lang inn på studiet Media, IKT og design (MID) ved høgskulen. Det valet angrar han ikkje på i dag når han sit ved kontorpulten som grafisk designar hos anerkjende Snøhetta.

Med MID som fundament 

Sunde fortel at MID-studiet var heilt ideelt for han på den tida. Der fekk han prøvd ut mykje forskjellig innanfor media, kommunikasjon, design og datatekniske fag. Det dreg han stor nytte av i dag.

– MID var eit veldig bra val for meg, sjølv om eg ikkje visste at det var grafisk design eg ville arbeide med då eg tok til der. Kombinasjonen av programmering og design som eg fekk på MID, har forma meg som den grafiske designaren eg er i dag. Der vart fundamentet lagt for mi vidare utvikling.

Var ikkje i tvil eit sekund 

Etter å ha budd heile livet sitt i sunnmørsbygda flytta Marius til Oslo og gjekk vidare med grafisk design på Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology. Våren 2014 fekk han praksisplass hos Snøhetta i to månader, som vart utvida med sommarjobb. Ikkje lenge etter kom Snøhetta med eit tilbod om fast jobb. Eit tilbod mange i bransjen drøymer om, men som ikkje så mange er så heldig å få.

– Det jobbtilbodet er det spørsmålet eg har brukt minst tid på å tenkje ut eit svar på. Eg var ikkje i tvil eit sekund, medgjev Sunde. No har han vore i jobben i eit år og sit allereie igjen med mange inntrykk.

Å arbeide for store kundar i både inn- og utland er arbeidskvardagen hans.

– Det har vore ekstremt lærerikt. Eg har møtt mange dyktige og bra personar. Det har vore eit innhaldsrikt år med mange opplevingar og litt reising, seier Sunde, som i løpet av året har vore i New York, Innsbruck, Beograd, København og Stockholm gjennom jobben.

Variert arbeidskvardag 

I dei to første byane var han med på å halde workshop for kundar. Det er også ei vanleg arbeidsoppgåve når han er på kontoret i Oslo, der Sunde er ein av 13 grafiske designarar. Totalt har bedrifta 184 tilsette, med litt over 100 som sit i eit ope kontorlandskap i Oslo. 

– Eg sit saman med ein interiørarkitekt, ein landskapsarkitekt, ein prosjektleiar og to arkitektar. Tanken med det er å ha ein open og tverrfagleg flyt av kunnskap. I tillegg kjem vi tilsette frå 25 ulike nasjonar. Det er ei fin samansetjing av kunnskap og kultur, og folk som har med seg forskjellige syn på saker.

Del på: