160 fleire vil studere i Volda

Tekst: Per Straume

p160_620.jpg

Ferske tal viser at 160 har fleire takka ja til å studere ved Høgskulen i Volda (HVO) i år, målt mot same tidspunkt i fjor. 2868 av dei som har fått tilbod har takka ja til studieplass.

Dette er tal som omfattar både det lokale opptaket ved høgskulen og Samordna opptak.

– Vi gler oss til å ta imot så mange studentar. Vi har eit godt håp om å bikke 4000 studentar totalt, seier studiedirektør Gonnie Smit dagen før semesteropninga tysdag 15. august.

Fordelinga av auken i nye studentar er jamt fordelt på alle avdelingane ved HVO. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for kulturfag, Avdeling for mediefag og Avdeling for samfunnsfag og historie opplever alle ein auke i ja-svar samanlikna med same tidspunkt i fjor.

Den nye mastergraden i mediefag er populær og det er framleis mange som ønsker å studere journalistikk i Volda.

Det er hard kamp om plassane ved friluftslivstudia og aldri før har så mange takka ja til studieplass. Også teater og drama opplever ein oppgang i ja-svar.

Praktisk-pedagogisk utdanning held fram med å ha svært høg søking, og rekordmange har takka ja til studieplass. Etter omlegging til femårig masterutdanning opplever grunnskulelærarutdanninga ein oppgang – den er spesielt markant for 1.-7. trinn.

Det same gjer også mastergraden i Samfunnsplanlegging og leiing, medan talet på studentar som har takka ja til plass på årsstudium i historie er meir enn dobla samanlikna med fjoråret.

Ein ser også at mange nettstudium har ein oppgang i talet på studentar ved HVO.

Del på