580 elevar på Utdanningsdagar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) har i samarbeid med Møre og Romsdal fylke, dei vidaregåande skulane og  grunnskulane på Søre Sunnmøre oppretta ein partnarskap for utdannings- og yrkesrettleiing.

Samarbeidet har sitt utspring i det såkalla Karriereprosjektet initiert av Møre og Romsdal fylke. Her har sentrale målsettingar vore å hjelpe elevane i grunnskulen til å ta meir medvitne val med omsyn til utdanning og karriere. HVO og interessentane i partnarskapen har dei to siste åra arrangert Karrieredagar i Volda for denne målgruppa.

Utdanningsdagane 2010

Nytt i 2010 er at partane i dette strategisk viktige samarbeidet har ønska å gå saman om ein Utdanningsdag for ei anna målgruppe, nemleg elevane ved dei fire vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre (Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda).

Stort behov for arbeidskraft i regionen

- Vi veit frå forsking at Møre og Romsdal har eit stort behov for arbeidskraft i åra framover. Vi ønskjer å vise ungdommen i Møre og Romsdal kva denne regionen har å by på når det gjeld utdanningsvegar og karriere, seier prosjektleiar Bech til NRK Møre og Romsdal (sjå lenke til intervjuet nederst på sida).

Rektor ved Høgskulen i Volda, Jørgen Amdam, hadde eit innlegg om situasjonen innan utdanning og yrke i Møre og Romsdal. Han gjekk mellom anna inn på at Møre og Romsdal treng 300 nye grunnskulelærarar i åra framover. Innlegget frå Jørgen Amdam

41358d11ba27f965904cdc7bac9bc2320782b17e

Rektorar i samtale om utdanning og behovet for arbeidskraft i Møre og Romsdal. Frå venstre: Trond Hjelseth (Volda vidaregåande skule), Margareth Alme (Ulstein vidaregåande skule), prorektor Anne Øie og rektor Jørgen Amdam.

Tre høgskular - mange muligheiter

Høgskulane i Molde og Ålesund var også representerte på Utdanningsdagane i Volda. Til saman tilbyr dei tre høgskulane i fylket eit stort utval av yrkesutdanningar innan undervisning, sosialfag, media, kulturfag, sjukepleie, logistikk, økonomi, samfunnsfag, ingeniørfag, fiskerifag m.m.

96fb3d09151628d06bfc7c290d9f579cd55562c3
Elevar frå Ulstein vidaregåande skule under lunsjen i kantina på Berte Kanutte-huset. Frå venstre: Silje, Regina, Margrete, Marte og Josefine. Dei synest alle at Utdanningsdagane er eit godt og nyttig tiltak. 

e9725886741f51bef973ddf0405b677631046820
Per Bjarte Solibakke inspirerte elevane med innlegget sitt om utdanningstilboda ved Høgskulen i Molde.

b457a106ca6616cdb159048bf7ab1dbc8f6e72ef

Dei tilreisande fekk gratis lunsj i kantina i Berte Kanutte-huset.

Høyr innslag på NRK Møre og Romsdal.

Del på