– AA-studiet: Ei livsendrande oppleving

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ca08827d4a59f7a1f50c823923ce20a8eb194de9
André Dale Fiskerstrand

Tekst av: Maria Finnøy Fagervoll

– Ikkje nøl, berre gjer det, seier André Dale Fiskerstrand med eit smil. Han meiner at alle bør ta eit semester i utlandet, og Høgskulen i Volda sitt Austral-Asiatiske kulturstudium tilbyr eit av Noregs mest fleksible og varierte utanlandsopphald.

– Etter eg kom heim til Noreg ser eg ting med nye auge - semesteret i utlandet endra verkeleg livet mitt. Eg har lært utruleg mykje om meg sjølv og verda. Når eg eldast vil eg sjå tilbake på den tida som den beste i livet mitt, fortel André.

– Japan var det beste

André studerer til vanleg journalistikk i Volda, og tok AA-studiet som ein del av bachelorgraden sin.

– Det beste med studiet er reisa til Japan. Det er veldig spennande. Kulturen og språket er så annleis at ein knapt kan forstå det, seier han.

I Japan reiser AA-studentane til tre av dei største byane – Hiroshima, Kyoto og Tokyo. Studentane får mellom anna besøke ein japansk familie, kle seg ut i nasjonaldrakta «Kimono», oppleve den ekstreme gatemoten i Tokyo, smake sushi, bade i varme kjelder og mykje anna.

– Kvar gong eg får spørsmål om kva som er mitt beste minne frå studiet, svarar eg alltid karaokekvelden vi hadde med nokre japanske studentar i Tokyo. Vi hadde først hatt ei forelesing saman med dei, og etterpå drog vi på restaurant. Kvelden avslutta vi med å reise på karaokebar, og det er verkeleg ei stor greie i Japan. Vi slo oss verkeleg laus og det må vere noko av det artigaste eg har opplevd, fortel André og ler.

e9c38b38f83ac4eaea16f10fcd040269e959ca86
André Dale Fiskerstrand i Kimono, nasjonaldrakta til Japan.

Den hardbarka «outbacken»

I løpet av dei aller første dagane i Australia, får studentane reise til Bourke – den hardbarka audemarka. Her bur dei med australske familiar og campar ute i «outbacken», for å bli kjend med omgjevnadane. Raudt, tørt landskap og kenguruar er noko av det dei møtte der.

–  Det var ein fantastisk tur. Eg var svært heldig som fekk oppleve dette – dei aller fleste som reiser til Australia får ikkje sjå akkurat denne delen av landet, nemleg det tørre, aude landskapet i «bushen», fortel André.

Dei fekk også møte noko av det mest karakteristiske med Australia – det ville dyrelivet. Kenguruar, slangar og den enorme, grå fuglen ”emu” var nokre av attraksjonane.

Eit fleksibelt tilbod

Etter seks veker i Brisbane (Australia) og ein tur til Japan, er det ganske fritt kvar ein vil vere resten av opphaldet.

–  Det fantastiske med dette studiet er at ein ikkje berre kan reise til Australia og Japan, men at ein har fritid til å reise meir om ein vil.

Sjølv reiste André til New Zealand i tillegg, og det var ei oppleving han aldri vil gløyme.

–  Dersom om ein har eit strammare budsjett, er Asia eit spennande alternativ – Vietnam, Kambodsja og Thailand er stadar der ein kan leve som ein konge for berre nokre få kroner, påpeiker han.

62d49e65ee0cfaf0ccdb39de46ce85c1d5e0f50f
André Dale Fiskerstrand i New Zealands frodige natur

André synest at skulearbeidet er lagt opp på ein god måte.

– I løpet av utanlandsopphaldet skal ein skrive to oppgåver – ein liten og ein stor. På den største kan du velje eit tema du sjølv synest er interessant, seier André.


Lyst å søke? Hugs søknadsfristen 1. mars, 2011

Send motivasjonssøknad innan 01.03.2011 til studiekoordinator Sylvi Gulla Hovdenakk ved Institutt for språk og litteratur:
e.post: sgh@hivolda.no

Les meir om AA-studiet og søknadsprosedyren

Del på