Alf Prøysen i ny juledrakt

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

88a837652c88f051b1337227863f1842c0911e40


”Fridas jul” er ein morosam lita forteljing som tar oss med inn i verda til Frida og mor hennar. Frida vil så gjerne sjå juleutstillinga, men mora har ikkje tid. Når Frida sniker seg ut skjer det magiske ting.

"Så er det jul igjen då” er framsyninga om familien Andersen. Det er vesle julaftan og heile familien er samla, og som alltid er det mange hektiske juleførebuingar som står att. Korleis kan Andersen i slikt mas og styr klare å finne julestemninga?


– Det er ei lærerik utfordring for studentane å arbeide med å skape si eiga juleforteljing, seier dramalærar Vibeke Preus Bech, og lovar julestemning for både vaksne og barn.


Framsyningane er i Teatersalen i Henrik Kaarstad-huset og varer i omlag ein time. 

Måndag 13.desember 18.00

Tysdag 14.desember 18.00

Onsdag 15.desember 18.00

Billettsal frå 17.00

Billettprisar: barn 30 kr, vaksne 50 kr eller familiebillett (4 stk) til 120 kr


Last ned plakat d30a5be268ad1eeda188eaa3ba1e2f060aa4117c

Del på