Allianse for kvalitetsheving: Volda, Molde og Lillehammer

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Brevet kjem etter ei rekkje samtalar mellom leiinga ved dei tre høgskulane og er eit innspel i behandlinga av stortingsmeldinga Konsentrasjon for kvalitet - strukturreform i universitets- og høyskolesektoren.

Dei tre høgskulane har vurdert eiga verksemd i høve til kvalitetsindikatorane i sektoren - blant anna ut frå Tilstandsrapport for høgare utdanning 2015, og vurderer det slik at dei tre høgskulane har gode resultat på dei fleste indikatorane, men ser også at det er område der eit samarbeid kan styrke kvaliteten.

- Gjennom ein allianse kan kan høgskulane beholde ei sterk regional rolle, samtidig som dei kan møte utfordringar som krev stordrift på ein meir effektiv måte enn i dag. Modellen vil med andre ord bidra til at regionane kan delta med større kraft i framtidig høgare udanning og forsking, skriv rektorane i brevet.

 Modellen som blir foreslått byggjer på Sparebankmodellen, der sjølvstendige bankar inngår i eit friviljug samarbeid om spesialiserte oppgåver. Det er muleg både å gå ut av alliansen, og å ta i mot nye aktørar.

Områda som vert nemnde som særleg aktuelle for samarbeid er EU-forsking, studentutveksling, pedagogisk utdanning og ph.d.-utdanning.

- Initiativtakarane tek sikte på å konkretisere innhaldet i alliansen til hausten 2015 når nye styre og rektorar er på plass, står det til slutt i brevet.

Les brevet frå dei tre høgskulane her.

Del på