Allmøte om struktursaka

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I innleiinga nytta rektor Johann Roppen å minne om at  Høgskulen i Volda (HVO) gjer det bra som sjølvstendig institusjon:

  • Studiedirektøren melder om rekordstor interesse for HVO sine studietilbod
  • Høgskulen i Volda har gode resultat på nasjonale kvalitetskriterium – og på studentvurderingar, no sist i Studiebarometeret.
  • Høgskulen i Volda er mykje meir kjent enn storleiken skulle tilseie. Ei undersøking frå Sentio tyder på at Volda er nesten like kjent for folk flest som dei store universiteta.
  • I ein nasjonal samanheng er høgskulen i Volda spesiell ved at vi har eit sterkt nynorskfokus – og er ein viktig aktør på medieutdanning.

c75fd337c8eb2e33dfb8ff3ec82530ac

Rektor Johann Roppen. Les meir om denne saka på bloggen hans.

Færre institusjonar – høgre faglege krav

Noverande regjering vil ha færre institusjonar innan høgre utdanning. Kunnskapsdepartementet vil ha institusjonar som sikrar større fagleg tyngde rundt dei ulike studietilboda og forskinga.

Vidare vil regjeringa gjere om begge dei fireårige grunnskulelærarutdanningane for trinna 1-7 og 5-10 til masterutdanningar frå 2017, noko som betyr ei stor fagleg og kritisk utfordring for HVO sett på bakgrunn av at lærarutdanningane og tilbod knytt til desse står for nær halve aktiviteten ved høgskulen.

Medieutdanningane i Volda er blant dei største i landet, og er ein viktig del av HVO sin faglege profil. Eit viktig spørsmål for leiinga blir korleis høgskulen kan ta vare på og vidareutvikle denne merkevara på best mogeleg måte i framtida.

HVO og vegval

I førre rektorperiode gjorde HVO sitt styre vedtak om å gå for ein fusjon med høgskulane i Møre og Romsdal og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Etter at Høgskulen i Ålesund gjekk til NTNU, gjorde noverande styre vedtak om å gå for ein allianse med HVO, Molde og Lillehammer. Dette alternativet vart «skote ned» av departementet.

– Høgskulen i Volda har no eigentleg rykka tilbake til start, og eg ser nokre få tilgjengelege alternativ, sa rektor Roppen før det vart opna opp for innspel frå salen.

Alternative vegval er: 

  • Plan A: Fortsatt sjølvstende.
  • Plan B1: Fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Plan B2: Å bli ein del av profesjonshøgskulen for Vestlandet.
  • Plan B3: Fusjon/partnarskap med Universitetet i Bergen.
  • Plan C: Kunnskapsdepartementet instruerer oss.

Ordskiftet

For dei som vil følgje ordskiftet, kan sjå opptak frå allmøtet under. I grove trekk kan innspela summerast opp slik:

Det vert oppfatta som ein stor risiko å stå åleine. Det er avgjerande viktig å sikre lærarutdanningane i Volda. Kan HVO greie å møte krava til dei nye lærarutdanningane åleine? For alternative partnarar ser dei fleste sørover til Høgskulen i Sogndal og Universitetet i Bergen.

Nokre meiner at Høgskulen i Volda kan ha «is i magen». HVO gjer det godt på mange måtar.  Krava til dei nye lærarmasterane er ikkje klare enno, og det er ikkje utenkeleg at vi kan greie å tilby desse utdanningane på eigen kjøl.

Khrono og  Nærnett har fleire detaljar frå ordskiftet.

Opptak frå allmøtet:

Del på