Alt du vil vite om utveksling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda er involvert i omfattande internasjonalt samarbeid og har bilaterale avtalar med universitet i store delar av verda.

Mobilitet og utveksling er viktig for å oppretthalde og vidareutvikle ein internasjonal profil. Høgskulen i Volda oppfordrar difor både studentar og tilsette til forsknings- og studieopphald i utlandet, samstundes som høgskulen opnar dørene for ei stadig aukande gruppe internasjonale studentar og gjestar.

Internasjonal dag har to hovudintensjonar: Å pirre lysten til å ta eit studie- eller praksisopphald i utlandet, og å vise vår fargerike og internasjonale campus!

13aa37aa8e5dd2ade3b3cdfdfb63e02175ca1c46

På internasjonal dag vil rundt 100 internasjonale og norske studentar stå på stand frå dei fleste europeiske land og fra land elles i verda. Rundt 25 gjestar frå partnaruniversitet vil også vere til stades og gi deg detaljert informasjon om utvekslingsmoglegheitene. Eitt av HVO sine fokusland er India og den kjende føredragshaldaren Rina Sunder vil gje oss ein smakebit på framtidas India "India in the Future: A growing superpower".

Det vil - som alltid - bli mange musikk- og kulturinnslag frå ulike delar av verda, frå Balkan til Afrika, gratis internasjonal lunsj og studentkonkurranse der du kan vinne 8.000 reisekroner. Nytt av året er at vi arrangerar søkeseminar der du får meir informasjon om utvekslingsmoglegheiter og studiestadar. Detaljert informasjon kjem på plakatar og på TV-skjermane.

Hugs å setje av tidspunktet 11.15 - 15.30 den 6. februar i Kantina BK og området rundt!!!

Del på