Årets fadderveke godt i rute

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Fadderveka i Volda har lange tradisjonar, og i denne veka skjer det mykje som er verdt å få med seg. Fadder­ordninga har vore eit fast innslag i studentmiljøet i Volda i fleire år. Fadderane er studentar som har studert her i eitt eller fleire år, og  vil mellom anna orientere om høg­skulen, campus, Volda og omegn. Dei skal syte for at studieopphaldet blir så bra som mogeleg for nye studentar.

Høgskulen si offisielle opning tysdag 18. august er oppstarten på fadderveka. Fadderveka inneheld ei rekkje sosiale arrangement med mellom anna konsertar på Rokken, grillfest, båttur, quiz, fjelltur, pokerturnering, kino, paintball, eigen fadderveke-film og "foreldre med barn"-treff. Det vert garantert aktivitetar for ei kvar interesse. Følg med på fadderveka for oppdatert program.

"Fadder-Jesper"

Vi ønskjer at nye studentar så fort som mogleg vert kjend med alle medstudentane, både på eige studium og på tvers av dei fire avdelingane våre. Det er Studenttinget som er ansvarleg for Fadderveka, og i år er det Jesper Vedde Gulbrandsen (23) som er fadderansvarleg. Han går allmennlærarutdanning, har vore student ved HVO i to år og er engasjert i Fadderveka, Pedagogstudentene og studenthuset Rokken.

– Eg er engasjert i studentmiljøet, og synest det er kjekt å vere med å utrette noko. Det er viktig å vere sosial og aktiv, samstundes som ein fokuserer på studiet.  Eg har alltid oppsøkt utfordringar, derfor tok eg vervet som fadderansvarleg. I tillegg er det veldig sosialt og gøy! Eg har  vore ny student sjølv, så eg veit kor viktig fadderordninga er, seier Jesper.

23f6f4968f7b2755ad3f7ec547cadbc9f6cdb913

Jesper Vedde Gulbrandsen er ein av mange engasjerte Volda-studentar.

Han ser fram til årets fadderveke og til å treffe nye studentar.  


Sosial veke for alle

Det har ikkje vore problem å skaffe fadderar, og fleire studentar har allereie meldt seg, ja så mange at ein til og med har venteliste.

– Fadderveka blir ei sosial veke for alle. Det er alltid kjekt med nye studentar! Vi har det bra her i Volda. Det er ein liten stad med mykje sosialt, og det er nok av ting å finne på. Om ein vil engasjere seg, er her mange studentorganisasjonar for ei kvar interesse.  Er det noko du er interessert i som ikkje er her , ja då er det berre å setje i gang.  Her er alltid høve til nye aktivitetar i eit mangfaldig studiemiljø, seier Jesper.

Viktig grunnlag vidare

Fadderveka gir eit møte med Volda, medstudentar og andre som også er i her i studietida. Av fadderane vil ein raskt få vite meir om studiet og staden. Jesper kan presentere smakebitar frå fadderprogrammet med aktivitetar gjennom heile veka.

– Fadderveka vert variert, sosialt og ein kjempestart på livet som student. Fadderveka legg mykje av grunnlaget for studietida, og målet er å bli kjent med Volda og nye menneske. Alle nye studentar vil få utdelt ein fadderpose ved studiestart, men innhaldet er ei overrasking, så gle deg!

 

Del på