Bachelorkonsertar på Høgskulen i Volda

Tekst: Tone Solhaug

- Oppdatert

86d4ef1ca2a240e656a4634c28c45b3f

Studentane har lagt mykje arbeid ned i konsertane sine, og det blir presentert musikk av ulike sjangrar og frå fleire epokar i nyare musikkhistorie.

Vi startar alt søndag kveld med konsert på Høgskulen. Nikolai Szewczyk skal saman med bandet sitt servere ein konsert han har kalla: «A 100 Yards of Psychedelia, with the 100-Yards Forests». Neste dag skifter konsertane mellom Rokken og Høgskulen, og fyrst ute er Paal Wilhelm Rørvik, med ein hyllest til Johnny Cash, «Cash is King». Songaren Aksel Sandvik held fram, med ein konsert han har gitt overskrifta: «Jazz som populærmusikk». Alexander Nilsen fylgjer på, med «Post-rock» i konsertsalen på Kaarstad-huset.

Endå rekk vi fire konsertar denne dagen, Anders Tjøme Hagen presenterer: «Datarock. You gotta Dance» før Idunn Strøm Myklebust fylgjer på med «ABBA». Så er det gitaristen Lena Fet sin tur, med «Stevie Ray Vaughan», også ho i den nye konsertsalen på Høgskulen. Vidar Vasset får æra av å avslutte kvelden, med sin hyllest til Gary Moore. Det kan altså bli ein interessant og innhaldsrik dag for dei som får med seg alt eller noko av dette.

Fem av konsertane har vi spart til tysdag, og Mikael Westbø opnar med konserten: «Fra Hit til Jazzfusion». Mario Sætre er nestemann ut. «Min inspirasjon i Punk og Rock» er hans tittel, før det er Ole Henrik Kipperberg sin tur med konserten: «Coheed and Cambria». Eirik Sognnes har studert Bruce Springsteen, og han har kalla konserten sin «Den amerikanske draumen og røyndomen». Trommeslagaren Jan Roger Neergaard  set krona på verket med konserten: «Neil Peart og Simon Phillips». Alle konsertane denne dagen er på Rokken.

Konsertane er gratis, og vi inviterer publikum til å kome og lytte og sjå og applaudere desse flotte ungdommane som har brukt mykje tid og energi på planlegging, organisering og ikkje minst øving for å få konserten sin i hamn til eksamen. Dei fortener stor merksemd og mykje jubel, og vi ynskjer dykk alle velkomne på konsert!

PROGRAM:

Søndag 25. mai

NICOLAI SZEWCZYK
A 100 Yards of Psychedelia,
with The 100-Yard Forests
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Søndag 25. mai kl 21.00

Måndag 26. mai

PAAL WILHELM RØRVIK
Cash is King
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Måndag 26. mai kl 14.00

AKSEL SANDVIK
Jazz som Populærmusikk
Rokken
Måndag 26. mai kl 15.00


ALEXANDER NILSEN
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Måndag 26. mai kl 16.00

ANDERS TJØME HAGEN
Datarock. You Gotta Dance
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Måndag 26. mai kl 18.15


IDUNN STRØM MYKLEBUST
ABBA
Rokken
Måndag 26. mai kl 19.30


LENA FET
Stevie Ray Vaughan
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Måndag 26. mai kl 20.30

VIDAR VASSET
Gary Moore
Konsertsalen i Kaarstad-huset
Måndag 26. mai kl 21.30

Tysdag 27. mai

MIKAEL WESTBØ
Fra Hit til Jazzfusion
Rokken, tysdag 27. mai kl 14.45


MARIO SÆTRE
Min inspirasjon i Punk og Rock
Rokken, tysdag 27. mai kl 16.00


OLE HENRIK KIPPERBERG
Coheed and Cambria
Rokken, tysdag 27. mai kl 18.30


EIRIK SOGNNES
Bruce Springsteen – Den amerikanske
draumen og røyndomen
Rokken, tysdag 27. mai kl 20.00


JAN ROGER NEERGAARD
Neil Peart og Simon Phillips
Rokken, tysdag 27. mai kl 21.30

Del på