Bachelorkonsertar for våren 2011

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: Musikkseksjonen ved Elizabeth Oltedal

fa3c192f73f55c8d2bb72061f6e5d03f72c77008

Frank Stølen skal ha den første konserten måndag 23.mai på studenthuset Rokken. Konserten, ”Arven etter tradisjonsmusikken”, er ei reise gjennom dei siste 50 åra med irsk folkemusikk, og vil gi oss eit innblikk i korleis dei tidlege banda vidareutvikla folkemusikken og inspirerte etterkomarane til å gå nye vegar. Medverkande på konserten er Egil Furenes (fele og banjo), Øyvind Lindelid (gitar, mandolin og vokal), og Rune Thorsnes (bass, vokal, tamburin og elektronisk basstromme).

53299986051e189d855d92c148d5f6fcbcc9fc52

Rokken er også staden for Niosha Amini sin bachelorkonsert 23.mai. Bassisten Niosha vil gi publikum smakebitar frå Michael Jacksons musikalske verd, og samstundes formidle eigne tolkingar av musikken til ”the king of pop”. Med seg har ho Kathrine Eliassen og Stine Andenes (vokal), Henrik Solberg (gitar), Lars Evensen Sagstuen (rytmegitar), Gloria Mincov (synth og kor) og Mattis Moviken (slagverk).

73198fb88293484ed6ece0cd54cdd1fca8e73610
Foto: Per Tore Molvær

Seinare på kvelden 23.mai tek Camilla Frantsen over scena på Rokken, med konserten ”Green grass”.
Konserten er ein hyllest til den særeigne vokalisten og låtskrivaren Tom Waits, der musikken hans vil bli framført i eit nytt uttrykk og lydlandskap. Låtvalet er henta frå ulike album frå 1974 og fram til 2004. Besetninga består av: Camilla Frantsen (vokal), Øyvind Klungre (piano), Kristian Haugen (gitar), Martin Morland (bassgitar), Håkon Hagen Knudsen (tenorsaksofon) og Mattis Moviken (slagverk).

bbfe4c2ad7061c8bb7e0bd65398473357fa3ffc0

Henning Hansen held sin bachelorkonsert tysdag 24.mai, med konserttittelen ”Tower of Power – en hyllest”. Henning vil hylle det legendariske funk/soul-bandet "Tower Of Power" som har underhaldt publikum i over 40 år med sin "urban soul music". Henning lovar at publikum skal få ”a pocketful of soul". Medverkande er Henning Hansen (slagverk), Torfinn Støve Madssen (gitar), Simon Eiksund (piano), Ulf Kristiansen, Einar Opsvik og Brynhild Hovden (saksofonar), Ivar Kvangardsnes og Stig Gjerde (trompet), Vegard Selheim (bass), Janne M. G. Skarstein (vokal), Kato Adolfsen og Pål Andreas Foldal Aam (kor).

ae1843505d794cc3a95f3426f58c6011eb4ba015

”Mozart for fløyte” er tittelen på Ingvild Kjæstad Sæterli sin konsert 24. mai på Kaarstadhuset. Ingvild har vore eit og eit halvt år ved musikkakademiet i Riga der ho har hatt tverrfløyte som hovudinstrument. På bachelorkonserten sin skal ho spele Fløytekonsert i G-dur og Kvartett i D-dur av Wolfgang Amadeus Mozart. Medmusikarar er Elizabeth Oltedal (piano), Øyvind Eiksund (fiolin), Hjalmar Eiksund (bratsj) og Kai Evensen (cello).

0eff5249bdb1632ceef9295961ae23a738f5b22d

Også Marlen Hauge Knotten skal ha eksamenskonsert på Kaarstadhuset 24.mai, med den stemningsfulle tittelen, ”Langt bort om himmelblånar”. Dette er ein konsert for fem damestemmer. Med  bestefararven og eiga musikalsk erfaring i baklomma, vil Marlen gi eit innblikk i si songverd, og syne korleis arven har påverka henne og hennar musikalske val. Her er harmoni og det fleirstemmige stikkord. Med seg har ho songarane Guro Hauge Rovde, Kristin Bjerkvik, Julianne Vik og Janny Solbakken.

ccf7f74a7ebb2508dc221a21ce4b27ccade97190

Stine Elise Eikefet skal ha den siste konserten i serien, tysdag 24.mai på Rokken. Konserten heiter "Ein tynn tråd" og er basert på tekstar av bandet DumDum Boys. Med tekst som utgangspunkt har ho komponert eit musikalsk uttrykk, som er ulikt originalversjonane. Stine ynskjer å sette eit nytt fokus på tekstane ved å presentere dei i eit nytt lydlandskap. Med seg på prosjektet har ho Kristian Haugen (gitar), Vegard Selheim  (bass), Mattis Moviken (slagverk og perkusjon), Nina Studshammen (kor). Stine sjølv står for vokal og piano.


Konsertoversikt – måndag 23. mai

Kl. 17:00 Konsert, Frank Jarle Stølen (Rokken)

Kl. 19:00 Konsert, Niosha Amini (Rokken)

Kl. 21:00 Konsert, Camilla Frantsen (Rokken)


Konsertoversikt – tysdag 24. mai

Kl. 16:00 Konsert, Henning Hansen (Rokken)

Kl. 17:30 Konsert, Ingvild Sæterli (Kaarstadhuset)

Kl. 19:00 Konsert (vokalensemble), Marlen H. Knotten (Kaarstadhuset)

Kl. 21:00 Konsert, Stine Elise Eikefet (Rokken)

 
Vel møtt til vårens bachelorkonsertar!

Del på