Bachelorstudentane i historie på studietur til Roma

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

8daa0062c1c25b52fb8624a6d9493c71c124f8c8

Professor Hans Jacob Orning og førsteamanuensis Arnfinn Kjelland er lærarar i emnet og faglege reiseleiarar for turen. Første dagen, måndag, gjekk med til reisa. Andre dagen var den lengste – først ein spasertur langs den over 2000 år gamle Via Appia Antiqua-vegen saman med Tom Govero, professor i antikkstudier ved John Cabot-universitetet i Roma, deretter ei  byvandring i det sentrale Roma med Kirsten Jakobsen, som er autorisert guide. Via Appia Antiqua som er bygd 300 år før tidsrekninga vår som ein av dei sentrale vegane i det den gongen vesle Romerriket. Lange strekningar er teke vare på slik vegen var for meir enn 2000 år sidan. På ettermiddagen var det vandring i den sentrale byen: Spansketrappen, Trevifontenen, Pantheon og Piazza Navona. Her ser ein innslag frå heile historia frå Romerriket voks fram til Italia av i dag.
Onsdag var avsett til antikkens Roma: vandring på Colosseum, Forum Romanum og Palatinerhøgda, med Roma under republikken og keisardømmet som hovudtema. Torsdag går turen til Ostia, Romas antikke hamneby med Goveno som fagleg kapasitet, og siste dag har eit av høgdepunkta i Roma: Vatikanmuseet og Peterskyrkja. Studentane vil i alle fall kjenne mange sider av vår europeiske historiske kulturbakgrunn vesentleg betre når dei kjem heim!

Del på