Barnehageovertaking

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Etter to veker observasjon var det tredje års førskulelærarstudentar som tok over barnehagen med om lag tretti ungar, og dei pedagogiske leiarane som var att på avdelingane har fungert som assistentar. 

e096035e1b74a988bca0327b405a86c56fbb557d

INTERNASJONALT FOKUS

I dag er det siste dag for dei sju studentane i barnehagen og både barn og studentar blir forvandla til sebraar, leopardar og krokodiller. I friluftslivsbarnehagen har dei alle rom til å boltre seg, og løvebrøla sit laust.  Det er tydeleg at det internasjonale fokuset er populært.

─ Førre veke var vi på tur til Afrika, og for å komme om bord i flyet måtte ungane vise både pass og flybillett. Då vi landa åt vi afrikansk gryte på golvet, seier Ingrid Våge Svinnseth. 

66d7ecb7556d4062a3c9f016570755d51b7206af
Styrarane i Hjellbakkane barnehage Kristin Mathiesen og Maja Morstøl Bjerkeli.

BARNEHAGESTYRARANE

I dei to vekene er det Kristin Mathiesen og Maja Morstøl Bjerkeli som har vore styrarar i Hjellbakkane barnehage.

─ Vi har ansvar for at det er nok personell, å ta telefon og svare på e-post. Vi har også hatt som oppgåve å motivere personale og ansvar for ein dugnad der barna var med å planta grønsaker og raka ute, seier Bjerkeli.

Begge tykkjer barnehageovertakinga har vore lærerik og har med seg mykje erfaring vidare.

─ Det er det næraste vi kjem ein reell jobbsituasjon. Sjølv om vi no er i ei personalgruppe der alle har gått det same løpet på høgskulen og har den same faglege bakgrunnen har vi fått mykje ut av det, seier Bjerkeli.

Ungane testar grensene når det er studentar som styrer og det er ikkje tvil om at dei synest det er spennande.

─ Spesielt dei store ungane har tatt godt imot oss. Ungar er svært tillitsfulle, og det tar ikkje lang tid før dei vil komme å leike, seier Mathiesen.

Om ein månads tid er dei ferdige med studia og er begge einige om at å flytte til by ikkje er noko alternativ.

─ På ein mindre plass kan ein skape ein tettare relasjon til ungane, i staden for å ha eit overfladisk forhold til mange, seier Bjerkeli.

Del på