Barth Eide vitja høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

2965f22617f4d4420c35fe64e7c20d6623ab18dc
* Utanriksminister Espen Barth Eide saman med rektor Per Halse i Pangaia. Heilt til høgre står Fredric H. Bjørdal. (Foto: Liv Jorunn Nyhagen.)

Barth Eide vart måndag vist rundt i Volda og Ørsta av Fredric Holen Bjørdal frå Ap lokalt. Dagen starta hos Scana Volda, før turen gjekk vidare til Høgskulen i Volda (HVO). Her var temaet naturleg nok internasjonal satsing, og Barth Eide let seg imponere over satsinga på utveksling og samarbeid på tvers av landegrensene.

Møtte studentar
I Pangaia fekk Barth Eide møte internasjonale studentar, samt norske studentar som har vore på utveksling i eit anna land. Han fekk mellom anna treffe Dunia Soriano Celma frå Barcelona, tidlegare Erasmus-student, no trainee ved HVO, Miriam Edler, norsk student med utvekslingsrøynsle frå Hawaii, Percy Wairimu Nguni frå Kenya, som har tatt bachelor i sosialt arbeid i Volda med svært gode karakterar og Elizabeth Waitira frå Kenya, deltakar i Fredskorps-prosjektet «Playback». På spørsmål frå Barth Eide om korleis ho har opplevd det norske klimaet, kom svaret kontant frå Percy Wairimu Nguni; ”Det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege kle”. 

Orienterte om tilbodet
Etterpå fekk utanriksministeren møte leiinga ved HVO, og han fekk ei innføring i tilbod, moglegheiter og utfordringar som høgskulen har. Mellom anna viste rektor Per Halse til at det no kan dokumenterast at mange av studentane som kjem frå andre stader av landet og verda får seg jobbar på Sunnmøre og vert verande her etter ferdige studiar. Men Halse peika også på at høgskulen er underfinansiert, noko som gjer det utfordrande å halde oppe aktivitetsnivået. Ein etter ein fekk deretter representantar frå kvar avdeling orientere om sitt tilbod til internasjonale studentar, og til studentar med ynskje om å ta semester i utlandet.

Godt samarbeid
Arne Humberset, nytilsett leiar for Internasjonalt kontor, hadde sin sjuande arbeidsdag ved HVO då statsråden kom på besøk. Han ynskte å skryte av samarbeidet mellom høgskulen og utanriksdepartementet.
– HVO har alltid møtt velvilje ved departementet og ved dei ulike ambassadane når det kjem til spørsmål knytt til studentar, og det takkar vi for, slo han fast. Han poengterte vidare at dei fleste studentane ved HVO får tilbod om eit semester i utlandet, og at mange nyttar seg av dette. i 2012 var det 164 studentar som nytta seg av høvet til å reise ut, medan det kom inn 112 utanlandske studentar til Volda.

Trur på Bjørdal Barth
Eide meinte det var artig å sjå kor integrert internasjonalisering var i tilbodet ved HVO. Han var vidare oppteken av tilhøva mellom høgare utdanning og etterspurnaden etter arbeidskraft.
– Næringslivet etterspør meir kontakt med utdanningsinstitusjonane, slo han fast, og utfordra leiinga ved HVO til å hugse på dette. Rektor Per Halse understreka då at dette også er eit tema som ofte vert diskutert. Avslutningsvis konkluderte Barth Eide med at dette besøket var nok ei stadfesting på at innbyggjarane på Sunnmøre er innovative og får til mykje.
– I utgangspunktet er det krevjande å drive i eit høgkostland, men likevel ser vi at mange flytter produksjon heim til Noreg. Dette skuldast i mange tilfelle  arbeidskulturen her. Vi har fokus på kvalitet, og leiing og tilsette finn gjerne løysingar saman. Eg er nøgd med å høyre at både bedrifter og høgskular ynskjer og arbeider for meir samarbeid, understreka utanriksministeren, som elles har stor tru på at Fredric H. Bjørdal vil gjere ein utmerkt jobb om han vert valt inn på Stortinget.

Tekst og Foto: Liv Jorunn Nyhagen (Avisa Møre.)

Sjå også nyheitsinnslag på NRK Møre og Romsdal

Del på