Besøk frå Litauen til Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: Elizabeth Oltedal, musikkseksjonen HVO.

Dei besøkande er Professor Danute Petrauskaite, leiar av Institutt for musikologi, og Jurate Karosaite, som er pianist og underviser i musikkutøving ved universitetet.

Artikkelen held fram under biletet

929af3b6c276bef037db47877c15f6f869799c2e

Professor Danute Petrauskaite

Artikkelen held fram under biletet

c80038032868f982686409e6eb53b04095fe222f
Jurate Karosaite

Curlionis – 100 år etter dødsdagen

Danute og Jurate har begge spesialisert seg på den store litauiske komponisten og biletkunstnaren, Mikalojus Konstantinas Ciurlionis. Kunstnaren er svært høgt skatta i heimlandet, og mange vil ha interesse av at det er skrive biografi om han av Professor Vytautas Landsbergis, ikkje berre kjend som musikolog og pianist, men òg som den første folkevalde president i Litauen etter Sovjettida (1990). Det er litt av eit samantreff at høgskulen får desse gjestane akkurat 100 år etter at Ciurlionis døydde, 10.april 1911.

I samband med besøket vil Danute Petrauskaite gi eit illustrert og ope foredrag om kunstnaren. I hennar forsking har ho sett på korleis Ciurlionis kopla visuelle og auditive uttrykk i sine verk.

Foredraget finn stad på auditoriet på Kaarstadhuset, måndag 11. april, kl.13:15
(foredraget vil vere på engelsk).

Konserten finn stad i auditoriet på Kaarstad-huset, onsdag 13. april, kl. 13:15.

Velkomen til å få eit spennande innblikk i Litauisk kunst og kulturhistorie!

 e7a58c5638ffdec2cf2c1f219108d4bc7af0727d
Frå målerisykluset Sonata of the Sun (1907): Andante.

Del på