Bli med på Fadderveka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Styret i Fadderveka søkjer no faddere til Fadderveka 2012.
– Vi treng faddere som skal ta i mot dei nye studentane med eit smil og gje dei ein god start på studieopphaldet, seier Anne-Lene Molland.

Seks dagar til ende
Fadderveka i Volda startar 14.august 2012.
– Det vil bli seks dagar med mykje moro, rebusløp, konsertar og andre arrangement. Vi ynskjer å inkludere alle, og har derfor laga eit program som inkluderer dei som har born, dei som ynskjer ei alkoholfri fadderveke, dei som elskar musikk, dei eventyrlystne, dei sportslege og dei som berre ynskjer å ta det med ro, fortel Molland.

Viktig rolle
Fadderstyret ønskjer at Fadderveka 2012 skal bli den beste, og til det trengst det engasjerte studentar.
– Fadderane har ei stor rolle, deira oppgåve blir å inkludere alle sine fadderbarn, vise dei Volda og ta dei med på arrangement og aktivitetar, seier Molland. 

Informasjonsmøte 11. mai
Fredag blir det informasjonsmøte med informasjon om kva arbeidet under Fadderveka går ut på, kven ein skal vere fadder for, og få eit fyrste møte med styret og faddergjengen.

Dato: 11 .mai
Klokkeslett: Klokka 16
Stad: Berte Kanutte, store auditorium

Spørsmål?
Kontakt Fadderveka på e-post blifadder@fadderveka.com eller styret@fadderveka.com 

Tekst: Fadderveka 2012
 

Del på