THE BLUES, THE BRASS AND THE BIG BAND

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

8d08c073cd19d11999762259b3f036dc4b627b8d
The Blues, the Brass and the big Band underheld på opningsseremonien.

Dei fekk henta inn ei jente frå dramalinja med endå eit instrument – og dermed var dei eit band. Etter litt om og men vart ein ekstra vokalist inkludert, og gjengen gjorde suksess på Rokken.

Bandet kallar seg “The Blues, the Brass and the big Band” (BBB), og dei har desse medlemene: Timmy Aass på trommer, Alexander Laberg på tuba, Otto Myrvold Hegge på klarinettar, Annette Finnanger på walthorn, Cornelia Myhre på saxofonar, Bjørn Thorshaug Lilleengen på gitar, piano og vokal, Preben dale på gitar, piano, munnspel, trekkspel, mandolin og vokal, Jørn Trollebø Kvalheim på piano, kazoo og vokal.

BBB-gjengen gled seg til å skape stemning på semesteropninga tysdag kl 1200! Leiinga ved høgskulen har studert vermeldingane, og opningsseremonien vert lagt innandørs i kantina på Berte Kanutte-huset.

Kjersti Kleven opnar

Høgskulen i Volda har alltid levert mange kandidatar til offentleg sektor: Lærarar, sosialarbeidarar, planleggjarar og administratorar. I seinare år har vi lagt opp til meir kontakt også med det private næringslivet i regionen – ut frå ei overtyding om at vi treng kvarandre for å vidareutvikle kvaliteten på det vi driv med.

Eit uttrykk for satsinga mot næringslivet er at Kjersti Kleven er invitert til å halde opningstalen i år. Ho er medeigar og styreleiar i verftskonsernet Kleven. Tidlegare har ho arbeidd som forskar ved Norsk institutt for by- og regionforsking og i forskingsstiftinga Fafo.

Kjersti Kleven var personalsjef i Rolls-Royce Marine og prosjektsjef i Nordvest Forum før ho valde å konsentrere arbeidsinnsatsen om familien sine investeringar. No i sommar vart ho av regjeringa oppnemnt til eit offentleg utval som skal vurdere i kva grad innhaldet i den norske skulen dekkjer dei kompetansane som elevane treng for samfunns- og arbeidslivet i framtida.

Del på