Breed opnar Spon RockFestival laurdag. Og du er invitert!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Breed - Studio update

Breed er opningsbandet laurdag. Metalbandet har hatt stor suksess på festival- og konsertscener i fleire land siste åra, og lovar ei brakopning.

Rosinen i pølsa

Backstreet Girls held framleis konsertar i inn og utland, og kom ut med eitt femtande album i høve 25-årsjubileet for litt sidan.

– Backstreet Girls er rosinen i pølsa. Prikken over i’en. Toppen av kransekaka. Dei er alle velbrukte metaforar som freistar signalisere at dette, DETTE, er verkeleg det sjefaste sjefe og det grymste av det gromme. Spon RockFestival jobba knallhardt over lang tid for å lande ei avtale som gjorde at vi kunne tilby vårt publikum eit band som passa inn i denne kategorien, melder Spon RockFestival på sine heimesider. Backstreet Girls er landets største boogierockeband, og vil gi deg rockeklassikarar som du ikkje visste at du framleis digga!!

Les meir i programmet under desse videoane

Bra reportasje om Backstreet Girls frå NRK Lydverket. Mykje bra videoklipp litt uti..

Om Spon RockFestival

Spon RockFestival er ein festival arrangert i regi av interesseorganisasjonen Ørsta Rock, der målet er å gje lokale band og artistar innanfor rock-sjangeren eit høve til å framføre musikken sin til eit breidt publikum, i tillegg... til å tilby publikum konsertar av nasjonalt anerkjende band som ville vore vanskeleg å få til regionen ved anna høve.

Spon RockFestival er eit idealistisk prosjekt, og alle midlar går til neste års festival og til å vidare arbeid i Ørsta Rock. Festivalen har alkoholservering, og derfor 18 ÅRS ALDERSGRENSE.

Sidan dette er første året festivalen vert arrangert, inviterer vi studentmiljøet til å vere med og støtte opp om initiativet!

Siste nytt, meldingar og mykje videoinnhald på www.facebook.com/sponrock da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877bf68af357bca3f98e0a3736500623175f8fee705e

Sjekk årets program og les bandomtalar på www.SponRock.no da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Kjøp festivalpass til både deg og bikkja di på http://tinyurl.com/SponRockPass da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

SPELETIDER:

  • kl 18.00 -Breed
  • kl 18.40 -Chasm
  • kl 19.20 -Tripod
  • kl 20.00 -The Clinton Experience
  • kl 20.40 -Plym
  • kl 21.20 -Fatty Sunroad
  • kl 22.00 -Heartbrekkers
  • kl 22.40 -Ninth
  • kl 23.20 -Stingray
  • kl 24.00 -Backstreet Girls


Tid: 29. august 2009 kl. 17.00

Stad:RUFO i Hovdebygda ved flyplassen

90d10bb95a5677201e85c0c30cd715f9fa242dc8

Del på