Budsjett som forventa

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Denne auken vil dekkje vekst i aktiviteten. Konkret gjeld det vidareføring av nye fleirårige studieplassar som høgskulen fekk tildelt i 2009 (20 til lærarutdanning) og 2011 (15 på masternivå). I budsjettframlegget utgjer dette 2,5 millionar i auka basisløyving.

Den resultatbaserte løyvinga for undervisning aukar med 2,7 millionar. Dette er «betaling» for studiepoenga som vart avlagde i fjor.  Halse fortel også at høgskulen får ein viss auke som fylgje av at dei nye grunnskulelærarutdanningane er oppjusterte til ein høgare kostnadskategori.

c443043523fe1198c0b2fac0c1f7fbbe1511463e

Rektor Per Halse.

Rektor Halse er glad for at regjeringa vil fylgje opp ambisjonen om 1000 nye studentbustader på landsbasis. Men han er skuffa over at budsjettforslaget heller ikkje i år legg opp til nye stipendiatstillingar. Mange av våre tilsette med høgst kompetanse nærmar seg pensjonsalderen, og med tanke på etterveksten vonar eg verkeleg at vi snart får tildelt nye stipendiatar igjen, seier Halse.

Del på