Budsjett som venta for Høgskulen i Volda

Tekst: Tor Mikalsen

?hash=3b1e2f9764f9b4735006ebdba97c612a

Rektor Johann Roppen og Økonomidirektør Ingunn Welle følger spent med når statsbudsjettet presenterast.

Regjeringa sitt framlegg for statsbudsjett for 2018 vart som venta for Høgskulen i Volda. Slik vurderer økonomidirektør Ingunn Welle budsjettet etter den første gjennomgangen av papira. For Høgskulen i Volda betyr det eit såkalla effektiviseringskutt på ca 1,8 millionar kroner. Alle høgskular og universitet er pålagde slik effektiviseringskutt. Høgskulen får også kutt ved at det i 2017 vart innført eit nytt finansieringssystem, og dette kuttet vert innført gradvis og får full effekt først frå 2019.

Rektor Johann Roppen er skuffa over at det ikkje har kome nye stipendiatstillingar til Høgskulen i Volda og håper at stortingsbehandlinga av budsjettet kan rette på det. Han er også glad for at det planlagte nybygget med arbeidsnamnet «Sivert  Aarflot-huset» er omtalt i statsbudsjettet, men det er ikkje knytt pengar til dette prosjektet då det skal dekkast av høgskulens vanlege budsjett når det står ferdig i 2020.

Det kan kome meir pengar til høgskulen om det er midlar som er sett av til fordeling seinare i 2018 – slik har det vorte gjort dei siste åra.

Detaljbudsjett for universitet og høgskular ("Blå bok")

Del på