Byr på kvalitetsmusikk i ny festival

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

3366d3f2df5213db8030fcf76dcc7dc9

Tysdag 26. mai spelar tredjeårsstudentane ved musikkutdanninga på Høgskulen i Volda i gang Kaarstadfestivalen, som går føre seg over tre dagar. Festivalen er ny av året, open for alle og appellerer til alle som er glad i musikk.

7376e7b1a4586962b7eb02ec4468ad61

BREDT SPEKTER

Konsertane, heile 16 i talet, er ein del av studentane si avsluttande eksamen før dei vert ferdig med bachelorgrada si. Som namnet tyder har festivalen sitt utspring frå undervisningsbygget Kaarstad-huset i Volda, og konsertane vert held i konsertsalen der og på Studenthuset Rokken.

– Dette er ein festival for alle som er interessert i god musikk og det er gratis inngang. Det vert eit veldig bredt spekter av musikk, med alt frå klassiske tonar til litt tyngre rock. Vi ønskjer å vise fram til andre enn dei i høgskulemiljøet i Volda kor gode musikkstudentar vi har. Folk utanfrå som har vore på bachelorkonsert tidligare har gitt tilbakemeldingar på at dei synest studentane er veldig flinke, fortel Svein Hunnes, bachelorkoordinator for musikkutdanninga.

Sjå heile konsertprogrammet her.

Han nemner klassiske tonar og tyngre rock, men festivalen har fleire strengar å spele på. Jørn Trollebø Kvalheim, betre kjent som Idol-Jørn etter at han tok ein sterk andreplass i musikkonkurransen Idol på TV 2 i fjor, skal spele og synge på scenen på Rokken med bandet sitt Trollebø. Han lovar ein konsert med mykje energi og kjensler.

HØGT NIVÅ

Elles byr studentane mellom anna på metal-musikk inspirert frå 70- og 80-talet, fleire ulike jazzsjangrar, funk-musikk med kor saksofonen er i sentrum, riffbasert rock/metal-musikk, folk/rock-musikk med norske tekstar og fiolinspeling med strykekvintett. I tillegg skal ein student halde eit foredrag om dirigenten si rolle og utvikling gjennom historia.

– Jørn Trollebø Kvalheim viste med Idol-suksessen sin at vi held eit høgt nivå nasjonalt sett i Volda. Og det er mange som er på det same nivået. Særtrekket i år er at det er relativt mange som presenterer sin eigen musikk, seier Hunnes.

Følg med på Facebook-sida til Kaarstadfestivalen her.

Det høge nivået har også vorte lagt merke til under dei tidlegare bachelorkonsertane. Studentane har haust mykje skryt og eksterne sensorar frå andre høgskular og universitet i landet har vore imponert.

– Vi har til dømes hatt sensorar frå Universitet i Oslo og Griegakademiet i Bergen som har sagt at deira eigne studentar aldri hadde fått til det studentane i Volda gjer, fortel Hunnes.

4b0e704d8ec90eb5bc0db21325cdf4e6
Lærarane Svein Hunnes (f.v.), Øystein Salhus og Henny Koppen ser fram til konsertane.

KØ PÅ ØVINGSROMMA

Og han har sin teori på kvifor studentane i Volda er så flinke.

– Det er mykje på grunn av studentane sjølve. Dei legg ned ein enorm innsats. Nokon jobbar så mykje i dette semesteret at det er heilt vilt. Dei brukar all si fritid på dette og jobbar døgnet rundt. Det er ein grunn til at det er kø på øvingsromma.

Om det vert lange køar inn til konsertane veit ikkje Hunnes, men han håpar i kvart fall på mykje publikum på Kaarstad-huset og Rokken tysdag, onsdag og torsdag i Kaarstadfestivalen sitt første år. For dei komande åra er tanken å utvide festivalen til å gjelde fleire fagområder.

– Vi ønskjer å byggje vidare på det og få til ein kulturfestival kor heile Avdeling for kulturfag er med. Då kan vi også by på drama og teater, formgiving, kunst og handverk, medie- og kommunikasjonsteknologi og idrett og friluftsliv, seier Hunnes.

pressefoto

Musikkstudentar
Musikklærarar

Del på