Campusprosjektet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

941f618bd5d56cc2e76fd4a89a9cf655

STERK AUKE I STUDENTTALET

Høgskulen i Volda (HVO) er den største høgskulen i fylket og er viktig både for lokalsamfunnet og regionen. Høgskulen er ein stor arbeidsgjevar med over 300 høgt kvalifiserte medarbeidarar. Vi har hatt ein sterk auke i studenttalet dei siste åra og har no nær 4000 studentar, av desse er om lag 2200 på campus. Møreforsking og studentsamskipnaden er også lokaliserte her som følgje av at HVO ligg i Volda. Samla generer dette ei omsetjing i regionen for om lag 650 million kroner. Dei mange kulturelle aktivitetane som har sitt utspring i høgskulen er med på å gjere regionen vår attraktiv.

INNOVATIVT SENTER FOR MEDIERING OG FORMIDLING

Vi som er i leiinga for høgskulen har stor tru på at HVO vil utvikle seg vidare. HVO ønskjer å utvikle eit innovativt senter for mediering og formidling med tidsmessige lokalitetar og oppdatert utstyr. Dersom vi framleis skal vere ein attraktiv høgskule, så må vi starte no med å planleggje for framtida. Vi har m.a. ein del bygningsmasse som ikkje møter dagens krav til eit godt læringsmiljø. Vi ser behovet for å gjere ein gjennomgang av heile campus: arealbehov, nybygg, trafikk- og parkeringsløysingar, uteområde og liknande. Men eit slikt prosjekt er også eit høve til å diskutere høgskulen si rolle i regionen. Kva muligheiter har vi som samarbeid med både det private og det offentlege arbeidslivet? Og med kulturlivet? Vi ønskjer også å sjå på muligheiter for sambruk av lokale og  andre ressursar.

Campusprosjektet hadde oppstartseminar 13.10, der høgskuleleiinga, Statsbygg og fleire lokale og regionale aktørar var samla.

NETTSIDE PÅ PLASS

Nettsida for Campusutviklingsprosjektet er no på plass. Der vil ein finne informasjon om prosjektet, mandat for arbeidsgruppene, presentasjonar frå midtvegsmøte, møteplan, prosessbeskriving m.m.

Del på