The Clinton Experience og Fatty Sunroad på Rust

Tekst: Webmaster Volda

ae586606e1f5a4c828a1f162523cbcc4f5f5ce54

The Clinton Experience

Stephen Dougherty kom til Volda for å jobbe. I tillegg ville han spele gitar og synge sine eigne songar. Det fekk han etter kvart gjort når han traff Hans Førde, Robert Steinnes og Klaus Blø. Låtane poppa ukontrollert ut av han og i løpet av dei siste tre åra har bandet spelt mykje i nærmiljøet – og dessutan vist seg fram utanfor Volda/Ørsta óg. Høgdepunkta var å vinne Bandstand i Volda og sjølvsagt dei to Spon festivalane dei har fått lov til å vere med på i Ørsta. EP'en «Lives of the astronauts» vart spelt inn på Giske vår 2010 og etter den kom fekk bandet sitt nyaste medlem, Torbjørn Frantsen, med på tangentar. Bandet spelar berre sjølvkomponert musikk og vandrar uavstrengt rundt i grenseland mellom mange sjangrar (rock, blues, reggae, funk, jazz..). Møt ny musikk frå lokalmiljøet på Rust denne kvelden

Fatty Sunroad

Ideen om Fatty Sunroad vart til den dagen Aleksander og lesbiske Lena fekk følgande kontrabeskjed fra Vekastyret 07 i Volda. "Det er ei prinsippsak at dykk ikkje fe spele". Det eksisterande bandet Aleksander spelte i vart oppløyst, men den komande Fatty Sunroad-vokalisten fekk blod på tann. På tide å lære seg meir enn to akkordar.


No 4 år seinare har bandet vorte spelt på NRK P3, fått blekk i Dagbladet og er å finne på Svisj Norge si liste samt på Spotify. Fatty Sunroad har spelt på Vamoose i Bergen og på Samfundet i Trondheim, og trakk meir folk en blant anna Black Debbath i Ålesund. På det meste har dei spelt forann 3500 menneske under Radio Ålesundfestivalen. Dei spelte seinast på Raumarock sin bandstand i Ålesund 25 feb, der juryen lot sin elsk over bandet og gav dei en klar førsteplass. Eit anna band fekk fleire sms-ar, og Raumadraumen brast - for denne gong. Dette førte til meir blod på tann, noko Rust Club og Scene skal få smake denne kvelden. Fatty Sunroad spelar heimesnekkra Rock'n roll med ingrediensar frå Runde, Fosnavåg, Rykkin, Molde, Ørsta og Vik i Sogn. Oppskrifta er enkel:"Likesinna galskap basert på respekt og kjærligheit i en rufsete sidelengs Doggy."

Billettsalg i døra.

Del på