Crossover utandørspreformance på Årneset friluftsområde

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

dae4c6405f55bd5b5250d14238595b5476d046fd

Nett no vitjar ei stor gruppe internasjonale studentar Høgskulen i Volda. Dei er med i eit intensivt EU-prosjekt (Arts in Education) som utvekslar studentar og lærarar frå heile Europa.

– Teater inviterer vi ofte til, men sjeldan performance og aldri ein performance med 44 studentar og andre i ein crossover-produksjon frå faga dans, drama, film, keramikk og visuell kunst, seier Ulvund.

– Studentane tek 10 studiepoeng i ”Arts in Education - learning in and trough the art” denne våren. 44 studentar frå 4 land. 12 lærarar/artistar frå dei involverte disiplinane.

– Dei har snart vore 14 dagar i Volda, og denne performancen er ein del av deira eksamen. Den andre delen er ei skriftleg oppgåve, fortel Ulvund.

Les også saka Kunst og kultur frå heile Europa

Meir om bakgrunn i saka HVO får ca. 2.2 millioner i EU-midler

Del på