– Det er deg sjølv det kjem an på

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

6f397ef2b0e3f0bb6c349fb562f08ad7

I strålande solskin starta studieåret 2016/17 ved Høgskulen i Volda (HVO) tysdag med ein innhaldsrik opningsseremoni. Nesten 4000 studentar er klar for å ta til med studiar ved HVO, og rektor Johann Roppen ønska spesielt velkomen til dei nye studentane.

Sjå bildealbum frå opningsdagen her.
Sjå opningsseremonien i sin heilskap her.
Les talen til rektor Johann Roppen i sin heilskap her.

Menneske, relasjonar og venner for livet

Han ba deg om å ta vare på kvarandre og bry seg om sine medstudentar, og hadde fleire oppmodingar:

– I Volda møtest det lokale, regionale og internasjonale, og du kan gle deg til å få  bitar av alt dette - om du vil!  Det er deg sjølv det kjem an på.

Lokalsamfunnet Volda har teke i mot studentar og andre skuleelevar i godt over hundre år. Volda har i desse åra både teke farge av dei mange studentane og lærarane deira som har kome til denne vesle bygda ved fjorden. Og eg er også heilt sikker på at studentane har teke farge av bygda Volda.  

Som vi seier til våre utanlandske studentar: Volda is a place You will never forget.  

Når de no skal utforske, leve og oppleve lokalsamfunnet Volda så vil de finne ut at Studiebygda Volda og Høgskulen i Volda først og fremst handlar om menneske, om relasjonar, om venner for livet. Og at Volda er Studiebygda der du sjølv kan påverke ditt eige og andres liv i større grad enn du kanskje trudde var muleg. Festivalar, kroa, konsertar, friviljug arbeid – du finn det i Volda. Og du finn det lett i Volda. Og omvendt, sa Roppen.

Interessante og trygge jobbar

Han gikk sjølv til val som rektor på at HVO skulle stå aleine. Det gjer den i dag etter store omveltingar i universitets- og høgskulesektoren det siste året. Rektoren meiner høgskulen skal klare seg godt ved å stå for seg sjølv, og peika på den regionale rolla ein har.

– Vår sunnmørske industri, fisk og oljenæringane har skapt mykje som vi skal leve av. Men vi skal også leve for noko. Og vi skal overføre kunnskapar, haldningar og verdiar til dei nye slektene. Opp i alt dette har Høgskulen i Volda i godt over 100 år vore ein viktig regional medspelar som har leveringsgaranti på godt utdanna lærarar i regionen. Kven vil bu på ein stad der ungane ikkje får skikkeleg skulegang?  Som ein lokalpolitikar på Sunnmøre sa til meg for kort tid sidan: Utan lærarutdanning i regionen hadde det vore vanskeleg å få fram ei maritim klynge. 

Det er menneske det handlar om.  

Vi veit at i åra som kjem vil vere eit stort behov for folk som er utdanna ved høgskulen i Volda i vår region. For dei fleste av dykk som tek utdanning ved Høgskulen i Volda er dette godt nytt: De kan rekne med å finne interessante og trygge jobbar når dykk er ferdige med utdanninga, heldt Roppen fram.  

Godt integrert

Årets hovudtalar Runar Gudnason, kjend frå rapgruppa Side Brok, vaks opp i Hovdebygda i Ørsta. Han såg sjølv opp til studentane i Volda då han var barn og ungdom, men begynte aldri å studere tett ved heimplassen. I staden reiste han til Danmark og vart det dei der kallar «studerande», altså student på dansk.

3a1b119b13604025f48e63855922bf80
Musikar Runar Gudnason fekk folk til å trekke på smilebandet under sin tale.

– Eg skulle gjerne ha fortalt dykk litt om kva de har i vente, men det veit eg lite om. Eg vart som sagt aldri student. Men eg trur de skal gå på ein god og moderne høgskule. Eg trur ikkje det er ei boble, som mange opplever store universitet som. De vert ikkje medlemmar i eit lukka samfunn i samfunnet. De vert del av ein godt integrert institusjon i lokalmiljøet; ein institusjon som gir til, og får igjen frå det kulturelle mangfaldet me har i Volda og Ørsta i dag. No begynner eg kanskje å høyrest ut som ein reklamebrosjyre, og det er verkeleg ikkje meininga for det er slik eg oppfattar Høgskulen i Volda, sa Gudnason til studentane.

Verdige vinnarar av studentpris

Studentbandet Propaganda, som består av musikkstudentar ved HVO, var saman med allsong med på å sette den gode stemninga den første dagen av studieåret. Før dei nye studentane vart teke godt i mot av sine fadrar og for alvor skulle ta til på livet i Volda, vart to studentar som det føregåande har gjort ein stor innsats for studentlivet heidra. Studenttinget i Volda i samarbeid med Høgskulen i Volda og Studentsamskipnaden for Sunnmøre delar kvart år ut ein pris til ein særs engasjert student eller studentgruppe. Studentprisen 2016 gikk til leiar av Volda Studentidrettslag (VSI) Christian Christiansen og David Fiskaa velferdsansvarleg ved Studenttinget i Volda (STiV).

dcbd523967d478c9617197cc74e550b8
Vinnarane av Studentprisen 2016: Christian Christiansen (t.v.) og David Fiskaa.

– Christiansen har vist eit utruleg engasjement og han har stabla Volda Studentidrettslag tilbake på beina og bidrege sterkt til at studentane sitt styrkerom på loftet på idrettsbygget har fått ei kraftig opprusting.

Fiskaa på si side har gjennom sitt arbeid i Buddydagen og som velferdsansvarlig i Studenttinget i Volda bidrege til å fjerne noko av tabuet rundt dette med einsamheita ein kan oppleve som student, og ikkje minst set inn tiltak for å hjelpe mot dette. Fiskaa har gjennom STiV gjeve studentar møteplasser og gitt studentane eit tilbod som absolutt kan definerast som lavterskel.

Juryen meiner på bakgrunn av dette at både Christiansen og Fiskaa har bidrege til å betre studentvelferda og fortener difor å få studentprisen for 2016, sa prorektor Jens Standal Groven.

Del på