– Det smartaste valet eg har gjort

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Etter nesten tre år har han ikkje blitt skuffa.
– Førelesarane er veldig bra. Dei stiller opp og er tilgjengeleg for spørsmål og diskusjonar. I tillegg har vi tilgang til utstyr hele døgnet, heile veka. Det gjer at vi kan bli enda flinkare i det vi likar og har lyst til å arbeide med, seier han.

MYKJE PRAKSIS

Før han kom til Volda visste han berre at han ville jobbe med noko innan media. No har han konkretisert framtidsplanane ein god del.
– Etter at vi lærte om fleirkameraproduksjon skjønte eg at det er dette eg vil jobbe med, utan tvil. Vi har fått prøvd alle rollene frå det å vere produksjonsleiar til å vere den som koplar utstyr og festar kablar med gaffateip, fortel han. Studentane har også filma, redigert og direktesendt fleire sendingar, der Sidsel Kyrkjebø-konsert og ulike arrangement under Forskingsdagane berre er nokre dømer.

SPESIALISERING

I følgje Chris-Håvard passar studiet for alle som har lyst å produsere, uansett medieinnhald.
– Du får utfolde deg og teste deg sjølv bak fotoapparatet, filmkameraet og produksjonsbordet. Du lærer også å utvikle nettsider. Vi er innom det meste og så kan du sjølv velje kva du vil spesialisere deg i, forklarar han.

LÆRER OGSÅ UTANOM SKULETIDA

Han har engasjert seg i Student-TV og utvikla ein applikasjon i samband med Fadderveka ved studiestart.
– Eg har lært utruleg mykje av å engasjere meg og jobbe saman med andre frivillige, fortel Chris-Håvard. Det er kanskje ikkje så rart at han då fekk tildelt prisen Årets student 2012
– Volda er ein liten stada der alle vil bli kjent og er innstilt på at alle skal ha det bra. Det er en unik plass og det å vere student her er fantastisk.

Foto: Henrik Grinde

Del på