Dette venter deg i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

dffea3581370cefa759caf6f3e776798

Studietilbodet

Høgskulen i Volda gir fag- og profesjonsutdanningar på bachelor-, masternivå innanfor skule og barnehage, velferd, media og kultur.

Sjå alle våre studietilbod her.

Til saman har høgskulen 18 bachelorprogram, seks lærarutdan­ningar, ei rekkje årsstudium og vidareutdanningar på heiltid og deltid.

– Eg er veldig fornøgd med grunnskulelærarutdanninga for 5.-10. trinn. Eg er spesielt fornøgd med faglærarane. Dei har ein enorm kompetanse og er flinke til å formidle faget. Dei klarer å kombinere fagstoff med didaktikk, som gjer det ekstra relevant for oss. Oppfølginga er eg også godt nøgd med. På høgskulen blir ein alltid sett og høyrt, seier lærarstudent Ingolf Sakkarus.

Eirik Sognnes studerer musikk og anbefaler absolutt studiet.

– Her er eit stort musikkmiljø med mange dyktige musikarar, gode øvingsrom og lydstudio. Har du lyst til å satse på musikk, er alle faktorane til stades i Volda, synes Sognnes.

Høgskulen har seks mastergrader og samarbeidar med Høgskolen i Molde om PhD innanfor helse og sosialfag.

Godt å leve - mykje å oppleve

Volda er kjend for kreative og aktive studentar og eit stort mangfald av lag og organisasjonar. Studenthuset Rokken arrangererei rekke konsertar med dei beste artistane i landet.

Dei kulturelle høgdepunkta kjem på rekke og rad gjennom året. Vi kan mellom anna nevne Fadderveka, VEKA, Animation Volda og Den Norske Dokumentar-filmfestivalen.

Les meir om studentlivet i Volda her.

bb9cb9cd06cc64b0cba723a86ecf50e8

– Det første som møtte meg då eg kom til Volda, var «Bli med her, bli med der». Så eg blei med i crew på Studenthuset Rokken med ein gong, og eg var med på å arrangere Den Norske Dokumentarfilmfestivalen (DokFilm) i fjor vår. No jobbar eg som hovudansvarleg (HA) for kvelden på Rokken to gonger i månaden, fortel Silje Slang Lutnæs som studerer Media, IKT og design.

Studentsamskipnaden for Sunnmøre (SfS) syter for gode studentbustader, bokhandel, kantine, barnehage og helsetenester.

Volda ligg tett opp mot dei verdskjende Sunnmørsalpane, som byr på fantastiske naturopplevingar heile året. Lengtar du mot havet, kan du ta vegen til surfestrendene på Stad og Flø.

Sjå alle dei fantastiske moglegheitane i fjella på Sunnmøre her (ekstern lenke).

4a227a7233cf55451de9c54639967e77

– Volda er ein fantastisk stad for alle som er glade i å vere ute.  I hjarte av Sunnmørsalpene har ein også alle moglegheiter enten man er glad i å oppholde seg i fjellet eller på sjøen, stå på ski eller segle, seier friluftslivstudent Mats Dalhaug Bjørnstad.

Internasjonalisering og praksisplassar

Høgskulen i Volda har avtalar med over 100 utdanningsinstitusjonar i over 40 land. Studentar ved bachelor- og masterstudia har høve til å ta eit semester i utlandet.

– Det er så mykje enklare å prøve noko nytt, og og gjere noko ein ikkje ville ha gjort elles når ein bur på ein ny plass. Hvis du skulle vere i tvil: Det er verdt det!, synest trioen Jeanette-Kristin Gjerde, Rebekka Iversen og Heidi Elisabeth Bjørdal som har hatt utveksling på New Zealand.

e21de22cf234802838d437ba441cc845

Høgskulen har samarbeid med skular, kommunar, sosialfaglege institusjonar, mediebedrifter og andre som er integrert i utdanningane ved HVO. Blant anna har HVO avtalar med ca 500 praksislærarar i skulen. Ved mange av studia er det også mogeleg å gjennomføre praksis utanfor Noreg.

– Det har vore veldig bra. Det vi driv med no er alt anna enn det vi gjer i klasserommet. No får vi smaken på arbeidslivet og skaper oss rutiner som vi ikkje har hatt før, seier Silje Slålien Thoen som våren 2015 har hatt praksisplass hos eit reklame- og designbyrå.

Del på