Direktesending frå knallforelesing

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Klikk på linken for å sjå overføringa:
http://midlabs.no/live/

Kjemi og magi
I år er det Det internasjonale kjemiåret 2011, og i samband med Forskingsdagane vil «kjemimeister og trollmann» ved Universitetet i Oslo, Øystein Foss, og Erik Fooladi ved Høgskulen i Volda ta tilhøyrarane med på ei spektakulær reise i kjemiverda. Vi ønskjer gjennom «knallforelesinga» å syne nokre døme på kva kjemi er, kven kjemikaren er og kva han/ho gjer, og at kjemi er både spektakulært, spennande og fascinerande.

Dette vert ei eksplosiv forelesing som det luktar svidd av – lærerikt og spennande for alle aldersgrupper! Det blir både heftige forsøk og nokre forklaringar. Kanskje vert vi kjende med heksepulver og elefanttannkrem, nordlys som «bjeffar» og glas som forsvinn, fargar som skiftar av seg sjølv og «flueminer». Det vil smelle litt, så dette kan vere litt skremmande for dei aller minste.


Tidspunkt det er sending:

Kl. 10:00–11:00

Kl.12:30–13:30

Kl. 17:30–18:30 - arrangementet er gratis og ope for alle

b2ef60bd50aafbddd67643579366733f0376f7fe

Del på