Dokfilm: opning i morgon

Tekst: Webmaster Volda

Den norske dokumentarfilmfestivalen har offisiell opning i morgon kl. 12.00 på Samfunnshuset i Volda. Men allereie i dag startar dei forsiktig med litt oppvarming.

421dd1f8f418990bafd1df36d24a56e5b89869c9

– I dag blir det oppvarming til den offisielle opninga av festivalen i morgon, fortel Kaia.

– Allereie kl 12.00 opnar kafèen og informasjonsbua på Samfunnshuset.

– Klokken 17.00 viser vi elevfilmane ”Volda rundt”. Dette er eit filmprosjekt laga av elevar frå Volda ungdomsskule, det består av 15 filmar som kvar er på 5 minutt. Klokka 19.00 byrjar framsyninga av filmane som er nominert til kortfilmkonkurransen KortSagt.
Dokbaren opnar kl 20.00 i kveld og held open til kl 01.00.

Festivalen har eit omfattande program, les meir på www.dokfilm.no/hva-skjer da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på