Dokumentarfilmstudentane i aksjon

Tekst: Webmaster Volda

– Kjør! Student Kristian Bye (22) på årsstudiet for fjernsynsreportasje og dokumentar roper i skogen – og han får svar. På signalet hans tek to syklistar laust og raser nedover sykkelbana i skogen ovanfor Volda sentrum. Samstundes slepp Kristian laust eit miniatyrkamera montert på hjul. Kameraet heng under ei line spent mellom to høge tre i skogen. Det susar nedover ved sidan av syklistane.

Slik kan Kristian og medstudent Carl Nesset (28) filme syklistane i fart og få actionfylte opptak.

– Vi bruker eit slikt kabelkamera for å få unike bilete, då får vi følgt utøvarane på ein annan måte enn med eit stativ, vi kjem mykje tettare på. Vi brukte mellom fire, fem timar på å sette opp lina og kameraet. Og kun fem-ti sekund med bilete for kvart opptak, seier Kristian.

– Vi ville lage reportasjen fordi det er eit alternativt aktivitetsmiljø i Volda, fortel Carl. Det skil seg ut frå dei vanlege lagidrettane, og så er det visuelt og interessant å filme, held han fram.

Andre studentar lager reportasjar om ein flyktningguide i Volda, ein lokal veterinær sin kvardag, om det å vere ein god kremmar, om folkedans i Volda og om surfing på Flø. Studiet i fjernsynsreportasje og dokumentarfilm er i stor grad bygd rundt praktisk filmproduksjon og mykje av studieåret går med til å lage film kombinert med teoriundervisning om dokumentarfilm og tv-reportasjar.

Kristian Bye er opphavleg frå Alta og jobba som videojournalist i NRK Finnmark før han kom til Volda. Han søkte på studium fleire stadar i landet, men valte Volda fordi han hadde høyrt om det frå andre som hadde gått her og fordi det er praktisk retta.

– Det artige er å lage reportasjar og jobbe praktisk, samtidig er det viktig at det er ei høgskuleutdanning og ikkje ein fagskule, slik eg får eit akademisk vitnemål, seier Kristian.

 I skogen er det snart nytt opptak, syklistane er klare og det same er kameraet som heng mellom trea, og skal fange tøffe sykkelbilete.

 c945a87baf69c1ebc32782b16c9073bdcddd1fa8

Filmopptak betyr mykje venting for syklistane Robin A. Ryste Skjeret (til venstre) og Reidar Haug frå Volda Frisport Forening.

95efca01f8971a205df91a0bee3f699fb5d18be1

Dokumentarfilmstudent Kristian Bye sørgjer for at minikameraet som skal filme syklistane i fart fungerer som det skal.

fba21537fdaed35f716fdef4981ea53d7d323911

Hovudpersonane Reidar Haug (til venstre) og Robin A. Ryste Skjeret saman med dokumentarfilmstudent Carl Nesset ute på opptak.

b30e45963e9113451d31635919675049c8acbd5a

Eit minikamera heng på hjul på ei line spent mellom to høge tre og kan filme syklistar i fart.

Del på