Dramakurs for studentar

Tekst: Veronica Kvalen Pilskog

- Oppdatert

Me har tatt ein prat med sosionomstudenten Ingelin Storstein Hole og barnevernstudenten Ståle André Rauø. - Det har vore ei utfordring å drive skodespel, men samtidig har det vore veldig kjekt å bryte ut av komfortsona, seier Ingelin. Ståle er einig, og tilføyer at han vil bruke det han har lært frå denne veka i det verklege liv.

22a26eda06f20290961ba2aeb5bbc914Studentane Ingelin Storstein Hole og barnevernstudenten Ståle André Rauø

I løpet av kurset har dei brukt teknikkar frå drama og teater til å fortelle livshistorier med fokus på sosiale problem, rus, psykiatri og ved hjelp av forumteater forsøkt å endre utfalla til noko positivt.
- Ein fiktiv setting kan virke som ei generalprøve frå verkelegheita seier Wenche Torrissen, førsteamanuensis ved seksjon for drama og teater.

c0bc26832d2d58be5d807ca0e8cc5357

Studentane har vore delt opp i seminargrupper som alle har fått rettleiing gjennom prosessen der dei fekk velge ein situasjon å vise fram. Denne situasjonen skulle vise undertrykking, og målet var å prøve å bryte denne undertrykkinga ved å diskutere og prøve ulike metodar gjennom forumteater. Ingelin fortel vidare at dei har arbeid både teoretisk og praktisk, men det har vore mest praktisk med fokus på kroppsspråk, holdningar og stemmebruk.

11016e94526a6e00695be52ad3c15c27

Ståle tilføyer at barnevern og sosionom har mykje teori til vanleg. Derfor er begge einige i at drama har vore eit fint avbrekk frå lesinga.

Tekst og foto: Kent Andreas Sæterøy

Del på