– Ein av dei viktigaste skule- og høgskulestadene i Noreg

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

fd8a39a02ebf97d1165504f3d21d34e3

Åmås, direktør i Fritt Ord, er sjølv halvt volding. Under talen sin til studentane kom han inn på det, og la til at Volda er ein god plass å studere.

– De har valt å studera – og arbeida – på ein av dei viktigaste skule- og høgskulestadene i Noreg. Eit stykke frå dei største byane i landet, men med andre måtar å vera sentrum på. Det minner meg om noko lyrikaren Olav H. Hauge seier i eit dikt: "Her er òg eit midtpunkt."

klokskap til å bruke kunnskap

Han kom også innom det å  ta val, og bruke kunnskapen ein får gjennom skulegangen på ein rett måte.

– Å ta ei høgare utdanning, og å velja den heilt rette gjennom fleire år, veit de kan vera både uføreseieleg og dristig. Men å bli forma som enkeltmenneske er endå meir uføreseieleg og dristig – gjennom alt det kostar av eksistensielle val, men aller mest gjennom alt det gjev. Kunnskap er svært viktig. Klokskap til å bruka kunnskapen på gode måtar er mykje viktigare.

romslege diskusjonsmiljø

Ytringsfridom var noko hovudtalaren la vekt på – at det skal vere rom for meiningar.

– I denne situasjonen gjeld det å skapa romslege diskusjonsmiljø, der nesten alt kan drøftast ope, samtidig som farlege, destruktive idear møter motstand og forvrengde fakta og tolkingar blir konfronterte. Dette krev at vi innser verdien av usemje, og ikkje blir skremde av at også ytringsfridomen er risikabel. For den fører ikkje berre med seg gode ting. Det har den felles med andre fridomar. Men det finst ikkje noko betre alternativ i eit ope og fritt samfunn.

Heile talen til Knut Olav Åmås kan du lese her.

Del på