Eit rom i rommet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tekst: Aud Marit Sofie Wigg


Grindøa

Dette er eit av fleire grindbygg som studentane på emnet KOH112 Arkitektur, vedKunst og handverk årsstudium, har laga. Studentane starta på oppgåva med eit besøk på Haualeite i Volda, der mange av studentane fekk stifte kjennskap med grindbygg for fyste gong. Desse grindbygga, som er svært utbreidde her på vestlandet, vart ofte laga av den materialen ein hadde tilgang til på byggeplassen, og var konstruert slik at ein kunne ta bygget raskt ned og flytte det ved behov.


Mange av studentane har hatt ei bratt læringskurve, og dei har alle fått mange utfordringar gjennom 3 hektiske veker. Fleire studentar har erfart verktøybruk dei knapt visste eksisterte. Studentane har arbeidd med prosjektet i grupper, og dei har erfart at slike oppgåver har fleirfaglege komponentar i seg, som til dømes matematikk, samfunnsfag og naturfag. I dette arbeidet har studentane og høgskulelektor Thorstein Vasset forsøkt å realisere eit eksemplarisk  undervisningsopplegg i tråd med dei føringane mot kompetansemål som både våre eigne emneplanar set opp, men også dei måla LK06 legg opp til.

 
Grinda skal no få stå nokre veker i kantina på Berte Kanutte, som eit rom i rommet, før den vert flytta til ventande grunnmur ein annan stad på campus.

Studentarbeid med grindløe

I staden for spikar brukar dei trenaglar

Foto: Gunnar Molvær

Del på