Ekskursjon til domstolen

Tekst: Kolbein Halkjelsvik

- Oppdatert

Tingretten representerer ein svært viktig kompetansebase for studiet innan planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Når dei kjem ut i arbeidslivet vert studentane frå dette studiet planleggjarar, mellomleiarar og toppleiarar innanfor offentleg forvalting eller i næringslivet. Svært mange blir rådmenn i kommunar. God og brei kunnskap om statsmakta må ligge i botnen for den teoritilnærminga studentane får i studiet elles.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik ved Søre Sunnmøre tingrett i Volda tok i mot 1.-års-studentane ved Bachelor i planlegging og administrasjon. Sorenskrivaren heldt først ei orientering om domstolane si rolle som den tredje statsmakta. Ho fortalde om kva for konsekvensar ei slik rolle har for den daglege drifta ved domstolen. Spesielt la ho vekt på openheita og tryggleiken domstolane skal vere eksponentar for. Studentane fekk god innsikt i mange av dei ulike ansvarsområda og gjeremåla tingretten har. Under temaet om sakføring understreka ho kor sentralt likemannsprinsippet står i den norske rettslæra, det at ein skal dømast av likemenn og at fagdomar i prinsippet berre har ei likevektig stemme.

Etter orienteringa tok sorenskrivaren studentane med over i eit timelangt rollespel der ho gjennomførte ei enkel straffesak. Sorenskrivaren var sjølv fagdomar i spelet. Dei andre rollene tok studentane: meddomarar, tiltalt, råka, forsvarar, aktor, vitne og tilhøyrarar. Rollespelet gav studentane ei nær oppleving av ei rettssak sine ulike perspektiv. Ikkje minst kom ulike dilemma rundt føring av prov og skuldspørsmål svært nært.

Sorenskrivar Elisabeth Wiik og Institutt for planlegging og administrasjon (IPAS) ved HVO er innstilte på å utvikle denne kontakten med praksisfeltet til eit fast årleg innslag for studentane i Bachelor i planlegging og administrasjon.

36898083cda15ae731a196a4903227c9
IMG 1100: T.v.: «Forsvarar»: Student Erlend Kvernmo Langset. T.h.: «Tiltalte»: Student Karsten Gutterød Hauklien

ac36f02c5a927adf4e8fffb5564fe4ad
«Vitne»: I vtneboksen: Student June Skeide Bergseth

9e1071ebc9380850dfcf8b92b86be3a2
Sorenskrivar Elisabeth Wiik orienterer om domstolane sitt daglege virke

cc75e0f2dc7165bacc4afc56539fe436
Frå venstre: «Forsvarar» student Erlend Kvernmo Langset. «Meddomar» student Ingrid Øye Opsal. «Aktor» student Mina Haugen. Sorenskrivar Elisabeth Wiik. «Meddomar» student Nicolai S. Iversen Szewczyk.

Del på