Ekskursjon til fylkeskommunen og fylkesmannen

Tekst: Webmaster Volda

På fylkeshuset vart dei godt mottekne av tidlegare kollega på instituttet, Sveinung Dimmen. Han er no tilsett som samordnar av planarbeid hos fylkesmannen og gav Volda-studentane ei fin innføring i fylkesmannen si rolle andsynes dei andre forvaltningsnivåa på fylkesplanet.

Utviklingsarbeid
Fylkesplansjef Ole Helge Haugen gav ei innsiktsfull orientering om fylkeskommunen si rolle i utviklingsarbeid. Han la vekt på kravet om å byggje alt kommunalt planarbeid på ein formell fireårig strategi, samt det sentrale kravet om medverknad i den nye plan- og bygningslova og kva konsekvensar slike krav har for den praktiske kvardagen til planleggjaren.

Universell utforming
Utover dagen fekk studentgruppa gode, faglege skildringar om fylkeskommunen sitt målretta arbeid for å få universell utforming implementert i krikar og krokar av alle former for planarbeid. Først ut var seniorarkitekt Eva Spirdal-Jacobsen som synte konkrete døme på praktiske utfordringar personar med ulike føresetnader møter i kvardagen. Vidare tok Geir Olsen og Jorunn Sølvberg frå samferdsleavdelinga i fylkeskommunen oss med på forteljingar om universell vegutforming og utfordringar som kollektivt reisande funksjonshemma kan ha i kvardagen.                  

Framtidas planformarar
Ekskursjonen til Molde vart avslutta med omvising i det nye teater- og jazzhuset Plassen. Studentane fekk her ein smak av både byggjeprosess, driftsopplegg og fysisk utforming, noko som, i tillegg til alt det andre fagleg baserte stoffet frå denne dagen, skal vere med å ruste studentane til å bli dugande leiarar og planformarar i framtida.

36844ff5aa8c3f3fcce91e931c98813cec37426b

Tekst og foto: Kolbein Halkjelsvik

Del på