Endeleg snart i mål

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

92f5f0ef27ca00542aa550668a973799

Ho har spelt fiolin i 18 år og har snart ein bachelorgrad i musikk, men for å få det heilt i mål må ho kome seg gjennom siste eksamen ved Høgskulen i Volda.

– Håpar alt sit

Den går føre seg på scena i konsertsalen i Kaarstad-huset førstkomande tysdag klokka 20.00. Ho er første student ut i konsertsalen under Kaarstadfestivalen, som startar tysdag og avsluttast torsdag og kan by på heile 16 eksamenskonsertar frå studentar ved HVO.

Runde vil servere publikum klassiske perler frå barokken og wienerklassisismen. Ho har delt konserten sin i to delar, der den eine er Bach sin fiolinkonsert i a-moll. Det er eit stykke ho har brukt alle tre åra som student i Volda til å perfeksjonere.

– Bach sin fiolinkonsert var eit av dei første stykka eg byrja å lære meg då eg starta på høgskulen. Det var saman med Øystein Salhus (høgskulelektor i musikk og konsertmeister og dirigent for høgskulens symfoniorkester) eg tok til med det. Det er tre delar i den komposisjonen, og då har eg lært meg ein del for kvart år. Eg håpar alle sit som dei skal under konserten, smiler Runde.

Sjå heile programmet for Kaarstadfestivalen her.

Lærte konsertmateriale i Latvia

Med seg på scena får ho ein strykekvintett som består av Martin Schiessler, Øyvind Robak, Anders Aschim, Kai Evensen og Torleif Remme. Med i lydbilete får Runde, som spelar solo på si fiolin, også pianotonar.

I den andre delen av konserten fortset 23-åringen frå Runde i Herøy å halde seg til det ypparste av komponistar. Då skal ho spele Mozart si fiolinsonate i e-moll, som er det einaste instrumentale verket til østerrikaren i e-moll. Den har ho reist utafor Volda for å lære seg.

 – Eg var utvekslingsstudent i Riga førre semester. Då lærte eg meg den i eit konsertensemble der. Den er ikkje så vanskelig, men samarbeidet mellom piano og fiolin kan vere utfordrande, synest fiolinisten.

Følg Kaarstadfestivalen på Facebook her.

3366d3f2df5213db8030fcf76dcc7dc9

Lagar show

Ho overlèt ikkje noko til tilfeldigheitene under konserten. Runde vil føre publikum tilbake til den tida då musikken er henta frå.

– Det er jo frå barokken og wienerklassisismen, og då vil eg spele litt på det. Difor skal eg kle ut strykekvintetten i klede med Mozart-tema. Eg har fått lånt klede frå Operahuset Nordfjord og trur det vert bra, seier Runde, som har hatt ei lang og fin reise mot ein bachelorgrad i musikk.

Då ho greip i si første fiolin som femåring visste ho ikkje kva ho starta på. Inspirasjonen kom frå  storesystera som spelte same instrument. Kvar vegen etter musikkstudiet i Volda går veit ho heller ikkje.

 – Ein blir aldri utlært i fiolinspeling. Eg har lyst til å verte musikklærar, har prøvd det litt før og trur det er kjekt.

Les også: Byr på kvalitetsmusikk i ny festival.
                  Gutedraumen går i oppfylling dagen før eksamen.

pressefoto

Kristiane Runde

Del på