Engasjement som Fredskorpsdeltakar

Tekst: Webmaster Volda

Kort om bakgrunn

Volda kommune vart i 2005 utnemnd til Internasjonal kommune av Fredskorpset. I etterkant av dette har kommunen arbeidd med å etablere eit venskapskommunesamarbeid mellom Volda og Nakuru, Kenya. Etter ei forprosjektperiode har Volda kommune, pleie- og omsorgsavdelinga v/Styrk-Arbeid inngått partnarskapsavtale med Fredskorpset om utveksling av 2 deltakarar frå Volda til Nakuru, Kenya og 2 deltakarar frå Nakuru til Volda. Volda kommune samarbeider med Municipal Council of Nakuru og idrettsorganisasjonen TWOMOC i Kenya. Utvekslinga byggjer på gjensidige relasjonar som kan gjere det mogleg for menneske med liknande fagbakgrunn eller interesser å lære av kvarandre og skape kompetanseheving i verksemdene både i nord og sør. Det utlyste engasjementet er første utvekslingsår i prosjektet.

Arbeidsområde

Deltakarane skal ha sitt arbeid både i Nakuru municipality, avdeling for Social Services and Housing der arbeidet blir i Okoa Mtoto Drop-In Centre, og hjå co-partner TWOMOC, som er ein fotballorganisasjon .

Arbeidsoppgåvene vil vere mangfaldige og vil m.a. dreie seg om å ta del i arbeid knytt til situasjonen for målgruppa: personar som av ulike årsaker er på sida av ordinært arbeids- og samfunnsliv, ofte grunna rus og psykiske vanskar. Deltakaren skal hjelpe til i arbeidet med å utvikle meistringsarenaer innan arbeid og aktivitet slik at personane opplever tilhøyr og meining i kvardagen. Deltakaren skal òg ta del i vertsorganisasjonen si utvikling av organisasjonen gjennom workshops og seminar.

Det er ønskeleg at søkjar har relevante fag på bachelornivå for oppdraget, til dømes kompetanse innanfor sosialt arbeid, organisasjon og planlegging, spesialpedagogikk.  Anna relevant utdanning kan etter særskilt vurdering vere aktuell. Det er elles ønskeleg at deltakaren har interesser og ferdigheiter innan fotball eller annan sportsaktivitet.

Søkjar må vere open for ny læring, ha gode tilpassingsevner, vere fleksibel tolerant og beherske engelsk (skriftleg og munnleg). Søkjar bør fortrinnsvis vere mellom 22 – 35 år, men søkjarar over 35 år kan også bli vurderte som aktuelle.

For stillinga gjeld

Løn og godtgjering i samsvar med Fredskorpset sine standardreglar for Nord-Sør programmet. Utgifter til bustad i Nakuru (husleige, straum, vatn), forsikring og reise vert dekka. Det er eit krav at den som vert tilsett må ta del i eit to vekers førebuingskurs i Johannesburg  (19. – 31.august) i regi av Fredskorpset før oppstart i Nakuru i byrjinga av september.  Kvalifiserte søkjarar med tilknyting til Volda vil ha fortrinn til stillinga.

Fullstendig prosjektskildring kan du få ved etterspurnad. Informasjon om Fredskorpset sine utvekslingsprogram finn du på www.fredskorpset.no

Vi ber om at søknaden vert levert elektronisk og at du oppgir referansar i søknaden. Det er link til elektronisk søknad på www.volda.kommune.no

Søknadsfrist: 5.mai

I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjar bli unnateke i offentleg søkjarliste, dersom søkjar sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga som e-post til personal@volda.kommune.no  innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje.

Nærare opplysningar får du ved å vende deg til Styrk-Arbeid v/prosjektleiar Hermod Halse tlf. 994 18 482.

Del på