Engelsk fordjuping våren 2013: Litteratur og film på deltid

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Våren 2013 tilbyd Høgskulen i Volda det litterære emnet ENG203 Litteratur og film (15 studiepoeng). Fokus vil vere på likskapar og ulikskapar mellom litteratur og film. Dette blir gjort hovudsakleg ved at ein samanliknar originale litterære verk med respektive filmadaptasjonar, men ein vil også ta føre seg spesielle hendingar, myter eller historier og sjå på korleis og kvifor desse blir framstilt ulikt i dei to media. Studenten vil slik få ei forståing av korleis og kvifor filmadaptasjonar skil seg frå litterære tekstar. Undervisinga vil vere samlingsbasert.

Søknadsfrist: 15. januar 2013

Ta kontakt med fagansvarleg Timothy Saunders, T: 70 07 52 88, e-post: timothy.saunders@hivolda.no eller kontakt Sørvistorget, T: 70 07 50 18, e-post: sok@hivolda.no

Emneplan.

Del på