Engelsk som nettstudium

Tekst: Webmaster Volda

Studieåret 2012/2013 vert det tilbydd to emne på 15 studiepoeng kvar, eitt i språkkunnskap og eitt i litteratur/kultur.

– Hausten 2012 tilbyr vi språkemnet Grammatikk og leksikologi, og våren 2013 litteraturemnet Litteratur og kultur før 1900. Frå studieåret 2013/2014 vil det vere mogleg å supplere med ytterlegare to emne, eitt i språk og eitt i litteratur/kultur. Til saman kan du oppnå 60 studiepoeng i engelsk, fortel Sylvi Hovdenakk.

Undervisning og næringsliv
30 studiepoeng i engelsk kvalifiserer til arbeid som engelsklærar på barne- og mellomtrinnet i skulen, medan 60 studiepoeng kvalifiserer til undervising på ungdomstrinnet og eventuelt i den vidaregåande skulen. 60 studiepoeng gir opptaksgrunnlag for vidare studium i engelsk på fordjupingsnivå, og kan utgjere ein del av ein bachelorgrad, til dømes bachelorgraden i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
– Studiet kvalifiserer også for arbeid i næringslivet, til dømes reiseliv, administrasjon, forlag og andre stader der det krevst gode engelskkunnskapar, seier Hovdenakk.

Nettleksjonar
Undervisinga blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med rettleiing.

Det er ei studieavgift på kroner 4 000 pr. emne.

Meir informasjon
Dersom du vil vite meir, kontakt med Vibeke Jensen på telefon 70 07 54 36 eller e-post: vjensen@hivolda.no
Du kan også kontakte Sylvi Gulla Hovdenakk på telefon 70 07 50 15 eller e-post: sgh@hivolda.no

Framsidefoto: Kristin Sævig

Del på