Er du interessert i andre språk og kulturar?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

– Dette er ein unik sjanse til å sjå det norske språket frå ein ny ståstad og til å møte flinke og engasjerte studentar frå den store verda, fortel Hilde Osdal ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Avdelinga søkjer no fem personar som har lyst å hjelpe dei utanlandske studentane, og samstundes få relevant praksis på CV-en.

Ei samling i veka
Osdal fortel at det er snakk om ein dobbeltime i veka, fordelt over sju veker. 
– Oppstart blir 10. eller 17. september. Vi ordnar eit første møte slik at du får gjort avtale med dei om vekedag, stad og klokkeslett, legg ho til.

Ikkje tavleundervising
Det er ønskjeleg at gruppeleiarane legg opp til samtalar der studentane får øve inn ordforrådet dei har i grunnboka si, Norsk på 1-2-3. I tillegg vil gruppeleiarane få kopiar av kapitla studentane arbeider med. Osdal minner om at ein som gruppeleiar ikkje skal drive tavleundervisning.
– Målet er at dei utanlandske studentane skal snakke mest mogeleg og opplæringsspråket er bokmål.

Dei som blir gruppeleiarar vil få meir informasjon før første møte med studentane.

Betaling
Gruppeleiarane blir lønna med 150 kroner timen. 

Meir informasjon
Er du interessert, så ta kontakt med Hilde Osdal | telefon 70 07 51 42 
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, 2. etasje Berte Kanutte-huset.
Du kan også sende ein e-post til : hilde.osdal@hivolda.no.

Del på