Fadderveka

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

–Dessutan, før var det berre ein som bar ansvaret, men no har STiV bestemt at det skal vere fire stykkje som skal dele på jobben, kan Web- og informasjonsansvarlege Renate Kristoffersen og fortelje.
 

a1ff7784bbe057f439aa03097fb12b7199d1711d
PLAKATAR: Har du sett desse på veg gjennom BK?

- For å få den best moglege fadderveka må ein starte tidleg å kome i gong både med planlegginga av veka, og innhenting av sponsormidlar, seier Renate Kristoffersen. Det er ho som har vore pådrivaren bak den nye organiseringa av fadderveka, og har saman med STiV-styret omorganisert korleis ansvarsfordelinga skal vere.
 
Det nye styret består no av ein leiar, fadderansvarleg, arrangementansvarlig og PR/sponsoransvarlig. STiV har vald å dele ansvaret slik for å gjere det lettare for dei ansvarlige når det kjem til å arrangere, gjennomføre og få henta inn folk til å hjelpe til under fadderveka. For mens Volda berre har hatt ein som har hatt ansvaret, har dei fleste andre høgskular i landet hatt eit styre.

Fadderveka er den fyrste veka for dei nye studentane i Volda, og det fyrste inntrykket dei får av Volda. Det er derfor viktig at man klarer å arrangere ei variert fadderveke med program for alle, slik dei nye og gamle får ein god start på det nye året.

- Styret får både godtgjersle i form av løn, ei sosial veke og ein god attest, avsluttar Renate Kristoffersen med eit smil.

Del på